Meny Lukk

Merkedag for Vestlandet

27.oktober er ein merkedag for Vestlandet, då vert det første fellesmøtet for fylkestinget i Hordaland og fylkestinget i Sogn og Fjordane sett, og det på historisk grunn fortel fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (Krf)

pål kårbø
Pål Kårbø, bilete: Hordaland fylke

Kårbø fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at møtet vert sett i Gulen i Sogn og Fjordane. – Det vert sett til Gulating nettopp fordi dette er ein merkedag for vår region.

Kårbø fortel at i Hordaland held ein seg til Stortingsvedtaket av juni 2016, der Hordaland og Sogn og Fjordane etter forhandling og intensjonsavtale skal slåast saman til eitt fylke, eller éin region.

– Me jobbar heilt målretta utifrå dette, seier Kårbø.

Det dei to fylkestinga er einige i så langt, er ein del av organiseringa av eit nytt fylke.

– At sentraladministrasjon  og politisk leiing skal ligga i Bergen er me einige i, samtidig er me og at veldig opptekne av at det er viktig å ha desentraliserte tenestestader og administrasjon, slik at korkje Hordaland eller Sogn og Fjordane opplever det slik at alt skal til byen. Så me kjem til å spreia det på ein god måte i prosessen framover.

Etter det Kårbø seier, er dei to fylka einige om å koma i hamn. – Og då handlar det om å gje og ta, usemje på meir detaljnivå må ein nok rekna med, men då får me forhandla.

Storfylket vil ha om lag 620.000 innbyggarar. – Det er stort, men Hordaland åleine, er allereie i dag vel 500.000 medan Sogn og Fjordane er om lag 110.000.

I januar 2017 landa dei to fylka ein intensjonsavtale og der landa ein førebels på eitt namn for det nye Fylket: Vestlandet fylkeskommune eller region Vestlandet. – Men det formelle er at denne fellesnemnda skal utarbeida forslag til namn, fortel Kårbø.  – Så skal dette sendast inn og avgjerast i ei Stortingsmelding i løpet av våren 2018, så endeleg namn er ikkje fastsett.

Noko politikarane har utfordra styresmaktene på i intensjonsplanen og i den politiske debatten, er å få fleire oppgåver ut til dei større regionane. – Me har peikt på dette med høgskular og større innverknad på utvikling innan næringsliv. Når det kjem til helse, er det litt usemje for det er eit stort felt å flytta attende til regionane, så helse står ikkje først i køen av oppgåver no, men det er ein del av oppgåvedebatten, seier Kårbø.

Når det gjeld økonomi, understrekar Kårbø at fylkessamanslåinga ikkje først og fremst er ein effektiviseringsreform. – Det er ikkje fokus på å spara pengar, men på at vår landsdel skal verta sterkare inn mot byråkrati og direktorat i Oslo. Me er jo opptekne av å organisera oss på ein effektiv måte, men det er rett og slett ikkje sett opp sparetiltak på dette.

01.01.2020 skal samanslåinga av desse to vestlandsfylka iverksetjast ifylgje Stortingsvedtaket. – Men val til den nye regionen, skal gjerast hausten 2019, så neste kommune og fylkestingsval skal me velgja til ny region, og då er det berre éin valkrins, så partia må setja opp lister som er representative for det nye fylket.

Kårbø fortel at politikarane også er opptekne av å markera kulturen i samanslåingsprosessen. – Hordaland og Sogn og Fjordane har sterke felles røtter innan kultur, så etter at all møteverksemd er unnagjort i Gulen 27.oktober, er programmet at me skal få høyra ein del av historia til Gulatinget.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: