Meny Lukk

Filmen om Vikebygd landskapspark – eit motivasjonsverktøy

I samband med eit internasjonalt innovasjonsprosjekt om landbrukstilknytta næringar (MADIE) har Fylkesmannen i Hordaland fått laga film frå Vikebygd landskapspark i Hardanger

febril media
Bilete: Febril Media

Landbruks – og matdepartementet fortel på nettsidene sine at i Vikebygd skapar innflyttarar, landbruksgründerar, landhandel, fiskarar og fruktbønder med same mål og same verdiar ei positiv framtid.

Ein landskapspark er ikkje ein spesiell type organisasjon. Det handlar om å gå saman for å bruka landskapsressursane betre og annleis på ein berekraftig måte og å skapa trivelege bygder der folk samarbeider om felles idear og har bulyst. Landskapsparken kan fungera som ei merkevare og handlar om marknadsføring og omdømebygging i eit utvalt område.

I Erasmus+-prosjektet MADIE samarbeider Fylkesmannen i Hordaland med organisasjonar i Finland, Ungarn, Italia og Tyskland om å finna nye og gode metodar for innovasjon i landbruk og lokalsamfunn. Landskapsparkane har vekt stor interesse i EU-samarbeidet og den nye filmen vil verta brukt internasjonalt. Ein ynskjer også å bruka han nasjonalt, som eit ledd i kompetanseutvikling og motivasjonsarbeid.

Sjå video om Vikebygd Landskapspark på Febril Media si Facebook-side

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: