Folk i heile verda med tilgang til internett, er no i gjennomsnitt to timar kvar dag på sosiale medier som Facebook og YouTube. Dette melder forskning.no

sosiale-medier
Bruken av sosiale medier har aukt dramatisk dei siste tre åra.

Den globale gjennomsnittspersonen brukar no så mykje tid på sosiale medier at det fordelt over heile livet vert 5 år og 4 månader på Facebook, YouTube, Instagram og Snapchat.

Ungdom og kvinner leier an, likevel brukar alle grupper i samfunnet stadig meir av tida si på nettet. Berre sidan 2012 har tida folk i verda brukar på sosiale medier, auka med tre kvarter kvar dag.

Statistikken bak tala over er produserte av selskapet GlobalWebIndex, ei privat verksemd som samlar data frå 18 millionar personar med nettilgang i 40 ulike land, inkludert India, Kina og USA.

Selskapet er mellom anna kjent for å ha funne ut at mange menneske brukar Facebook og Twitter i Vietnam og Kina, to land kor desse sosiale nettverka vert blokkert av myndigheitene. Dette er mogeleg fordi stadig fleire i Kina og Vietnam er kobla til virtuelle private nettverk (VPN).

Stadig meir av nettaktiviteten til folk, går føre seg på telefonen, og den har dei fleste menneske i verda no med seg heile tida.

Dét forklarer også mykje av auken, sidan me brukar sosiale medier til å fylla opp fleire og fleire av dei små ledige augneblinka me måtte ha i løpet av ein vanleg dag.

Ei anna studie gjort av selskapet comScore i USA, viser at så og seia heile auken i bruk av digitale medier dei siste åra, kjem nettopp frå aukt bruk av smarttelefonar.

Dette er tida folk i verda brukar på dei ulike sosiale mediene kvar einaste dag:

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.