Meny Lukk

4H – jubel over framhald av støtta til frivillige

Regjeringa foreslo i haust å kutta støtta med vel 30 millionar kroner til 30 frivillige organisasjonar på det landbruks-og matpolitiske området. Aller størst var kuttet i 4H-støtta (7,1 mill), men onsdag sikra Venstre og KrF at desse kutta ikkje vert noko av 

4H
Onsdag 22. november vart Høgre, Frp, Venstre og KrF einige om statsbudsjettet for 2018. Av forhandlingsresultatet fremgår det at støtta til dei frivillige organisasjonane likevel vert oppretthalde på dagens nivå fortel bondebladet.

– Dette er veldig gode nyheter! Det har vore ein krevjande haust. Å ha ei så stor usikkerheit hengande over organisasjonen tar på. Venstre og KrF fortener verkelig ei stor kløverkake for å ha sikra støtta til dei 14.000 engasjerte 4H-arane rundt om i landet, seier generalsekretær Signe Lindbråten i 4H Norge i ei pressemelding.

Ho seier organisasjonen har opplevd eit kjempeengasjement og massiv støtte sidan statsbudsjettet vart lagt fram. Både 4H sine eigne medlemer, andre organisasjonar, enkeltpersonar og politikarar har engasjert seg i saka.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: