For første gong vart det omsett varer for over 50 millionar Euro i løpet av dei ti dagane messa varte. For fellesdelen av den norske paviljongen viser førebels opptelling ei omsetningsvekst på i overkant av fire prosent samanlikna med fjoråret
95 utstillarar frå regionane Fjord Noreg, Fjell Noreg og Trøndelag representerte Noreg i Berlin i 2018.
Landbruks og -matdepartementet fortel at norsk reiseliv og lokalprodusert mat og drikke også i år hr hausta stor merksemd med mange interesserte besøkande. 10 000 selde smaksprøvar av laks frå standen til Fjord Noreg seier sitt om interessea. Det samme gjeld Fjell Noreg som har seld 1500 smaksporsjonar av lam – trass i at det vart hevda at tyskarane ikkje liker lam. Trøndelagsteamet klarte også å verta utselde for både laks, reinkjøt og elg.
– Eg er mektig imponert over kva dei norsk utstillarane har fått til i Berlin. Det har vore ei markant auke i omsetnaden og det tyder på at tyskarane set pris på norsk lokalmat. Me ser den samme tendensen heime i Noreg. Omsetnaden av lokalmat i daglegvare, var på 4,9 milliardar i 2017. Det ser ut til at me er godt i rute med å nå målet om ein omsetnad av lokalmat for 10 milliardar innan 2025, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.