Fire produkt frå Hardanger er mellom dei 39 kandidatane som er nominert til prisen Det norske måltid 2017
Dei 39 finalistane har vore gjennom to tøffe dommarrundar for å nå finalen. – Landets beste kokkar og fagfolk er med på alle dommarnivå. Dei 7 juryane som har arbeidd, er samstemte i sine vurderingar, dermed er finalistane godt gjennomsmakt og vurdert for å komma gjennom nålauga til finalen, seier prosjektleder Kristin Austigard. – Etter 10 år med Det Norske Måltid, ser me at det er internasjonalt høgt nivå på det som prvert produsert her i landet. Mange produsentar fangar opp tilbakemeldingane frå juryane og jobbar vidare for å løfta seg, seier hovuddommer Einar Risvik frå Nofima, etter siste delfinale under Matstreif i Oslo. Finalejuryen møtest i haust for å finna vinnarane i Det Norske Måltid 2017. Samtidig er førebuingane i full gang til den store matgallaen og finalen i Stavanger 12. januar 2018. Finalistane knytt til Hardanger finn me i kategoriane Årets godbit og Årets sider, i sistnemnde er alle finalistane frå Hardanger Finalister Årets godbit:DUGA byggkorn – hele, fra DUGA AS, Østfold Finalister Årets sider:Hylleblomsider 2016, Ulvik Frukt & Cideri, Hordaland |