I det som er det største prøvetakingsprogrammet sidan kugalskap var på sitt mest intense for rundt 15 år sidan, meiner Veterinærinstituttet at resultata gir von om å bevara friske villreinstammer i Noreg

rein
Veterinærinstituttet har til no testa 30 000 hjortedyr for skrantesjuke (Chronic Wasting Disease – CWD) og landbruks- og matminister Jon Georg Dale er imponert over det tempoet instituttet har klart å halda i prøvetakinga, ifylgje nettsidene til Landbruks – og matdepartementet.

Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom som skrapesjuke hjå sau eller kugalskap, kor feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og forårsaker store lidingar og død for individa som vert råka. Då CWD vart oppdaga av Veterinærinstituttet i Noreg i fjor, var dét første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr).

Etter at CWD vartpåvist i villreinflokken i Nordfjella er det gjort vedtak om at flokken skal takast ut innan 1. mai 2018. Målet er å avgrensa og om mogeleg utrydda sjukdomen. Dersom ein kan unngå at sjukdomen spreier seg, vil mange dyr kunna verta sparte for dei lidingane den medfører. Etter uttaket, er det planen å reetablera villreinbestand i Nordfjella.

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale meiner at andre land bør fylgja Noreg sitt eksempel, og har teke opp med EU sin helsekommisær, Vytenis Andriukaitis, at land som grensar til Noreg også bør gjennomføra ei omfattande kartlegging av sine hjortedyr.

Utbreiinga av CWD blant villreinen i Nordfjella, er på omlag éin prosent, slik forskarane berekna at det ville vera. Dette låg til grunn for å gje råd om å sanera villreinflokken i området.

Det er hittil funnet 8 villrein med CWD mellom dei 775 som er testa i Nordfjella. Desse tilfella har ikkje lete seg skilja frå den klassiske, smittsame typen som over tiår har spreidd seg i USA og Canada, og det med store negative konsekvensar for dyrestammene.

Viktig lærdom er også at CWD-tilfella på elg og hjort skiljer seg frå den i Nordfjella og Nord-Amerika. Desse tilfella ser ut til å vera meir lik andre atypiske prionsjukdomar som råkar eldre individ, og som kan oppstå spontant utan smitte. Det er testa over 15 000 elg og hjort. Hittil er det påvist atypisk CWD i tre elgar og éin hjort.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese