Meny Lukk

19 millioner til infrastruktur i nye kommunar i Hordaland

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fordelt 150 millionar kroner i tilskot til infrastruktur i kommunar som vert slått saman. 19 millionar går til tiltak som medvirkar til å knytta dei nye kommunane i Hordaland betre saman

hardanger-kart
Kommunal- og moderniseringsdepartementet fortel i ei presemelding at Odda, Ullensvang og Jondal får 4 millionar kroner til «digital verktøykasse og digitale tenester til innbyggarane».

Voss og Granvin får 4 millionar kroner til mellom anna velferdsteknologi og digital byggesaksbehandling og eigedomsinformasjon.

Tilskotsordninga kom på plass i samarbeid med KrF og Venstre i Stortinget i samband med handsaming av statsbudsjettet for 2016. Tilskotsordninga skal gå til infrastrukturprosjek som medvirkar til å legga til rette for og forsterka effekten av ein ny og meir hensiktsmessig kommunestruktur. Ordninga vart styrka i 2017.

Kommunane har kunna søka om støtte til etablering eller forbetring av vegar og digitaliseringstiltak. Nasjonalt vedtak om samanslåing i kommunereforma var ein føresetnad for å motta tilskot.

I 2017 vart det gitt infrastrukturtilskot til 41 samanslåingar som involverer totalt 104 kommunar. Dette kjem i tillegg til 50 millionar kroner som vart gitt i tilskot i 2016.

Tilskotsordninga kjem i tillegg til øvrige ordningar for økonomisk støtte til kommunar som skal slå seg saman.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: