Meny Lukk

15 millionar kroner til tiltak mot spelproblem

Regjeringa har fordelt 15 millionar kroner av overskotet frå Norsk Tipping til tiltak mot spelproblem i 2018. Tiltaka skal førebygga spelproblem knytt til dataspel og pengespel

poker
– Kunnskap og forsking er viktig i kampen mot spelproblem i samfunnet. Det nye kompetansesenteret for forsking som er etablert ved Universitet i Bergen, vil vera eit nav for å samla kunnskap og forsking på feltet. To millionar kroner er sette av til dette senteret i 2018. Me vil óg vidareføra innsatsen som skjer i offentlege verksemder og private støttegrupper for spelavhengige, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland i ei pressemelding.

Norges forskningsråd skal lysa ut fire millionar kroner til ulike forskingsprosjekt i regi av Handlingsplanen for speleavhengige. Som ledd i kunnskapsformidlinga vil departementet løyva om lag 700 000 kroner. Pengane skal gå til samlingar for mellom anre forskarar og aktørar i spelbransjen og dataspel.

Informasjonsarbeid er eit anna viktig tiltak for å førebygga spelproblem. Lotteritilsynet og Medietilsynet får tilskot for å vidareføra informasjonskampanjen Snakk om spill som er retta mot barn og ungdom. Totalt er det sett av om lag 2,2 millionar til ulike informasjonstiltak.

Helsedirektoratet får 3,5 millionar kroner til behandlingstilbod og førebyggande arbeid i helsetenesta. Løyvinga omfattar Hjelpelinja for spillavhengige og 2 millionar kroner til frivillige organisasjonar som er engasjerte i arbeidet mot spelproblem.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: