Laurdag kveld vart Vossajazz-prisen på 50.000 kr delt ut til folkemusikar Benedicte Maurseth. «Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med stil,» seier juryen mellom anna

vossajazz
Nettsida til HordalandFylkeskommunefortel at prisutdelar var Beate Husa, leiar av utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU).

Dette er juryen si grunngjeving:
«Årets prisvinnar er ein musikar som kryssar sjangrar med stil. Det er særskilt folkemusikken som står hjarta nærast, men òg tradisjonsmusikk frå heile verda. Prisvinnaren er ein av dei dyktigaste og mest spanande hardingfelespelarane i landet, og tilbyr ei unik toneverd der ho gjerne blandar nordisk tradisjonsmusikk med austleg inspirasjon – eller kastar seg ut i spanande samarbeid gjennom fri, improvisert musikk. Eitt av kjenneteikna til årets vinnar er fokus på at musikken skal vera ekte og lyttande, og ho har òg jobba mykje i kryssinga mellom musikk og litteratur.»

I år er det tredve år sidan prisen vart utdelt for fyrste gong. Hordaland fylkeskommune bidreg med pengane og jazzfolk bidreg med sin fagkunnskap i Vossajazz-prisen. Prisen er på 50 000 kr., og i tillegg eit trykk av årets Vossajazz-plakat som er laga av festivalkunstnar Marie Storaas. Det heiter i vedtektene for Vossajazz-prisen at «Prisen skal gå til den frilans jazzmusikaren frå Hordaland som i løpet av festivalåret har gjort seg mest fortent til denne heideren.»

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.