Meny Lukk

Vil selja lakseløyve på auksjon

Etter fleire år med liten vekst, opnarr regjeringa no for meir produksjon i laksenæringa. I løpet av våren tek departementet sikte på at oppdrettarane får mogelegheit til å by på nye lakseløyve

lakseløyve
Regjeringa gjer famlegg om å selgja dei nye løyvene gjennom ein open auksjon, der prisar og vinnarar i kvart produksjonsområde vert fastsette over fleire bodrundar. Dette forslaget vert no sendt nå på høyring, og høyringsfristen er 18. april 2018 fortel nærings – og fiskeridepartementet.

– Auksjonsforma legger til rette for at alle som er interessert kan delta, også små og mellomstore selskap. Ein kan by på det antal tonn ein ynskjer. Det betyr at oppdrettarane kan by på ei mengd som er mindre enn eit heilt løyve, og det kan vera gunstig, kanskje særleg for mindre aktørar, seier fiskeriminister Per Sandberg.

Veksten i laksenæringa kjem etter at det nye trafikklyssystemet vart innført, som legg opp til vekst der det er bærekraftig. I tråd med Stortinget sitt vedtak har regjeringa opna for at næringa kan veksa til saman seks prosent i område som har fått grønt lys. Veksten vert tildelt i to omgangar, først ein del til fastpris, og deretter resten på auksjon.

Pengane som oppdrettsselskapa betaler for å veksa, går inn i Havbruksfondet, og 80 prosent vert fordelt til oppdrettskommunar og -fylkeskommunar. Utbetalingar frå havbruksfondet skjer årleg, i oktober.

Hittil i år har fondet fått inn 750 millionar kroner, som igjen skal fordelast på kommunar og fylkeskommunar med oppdrett. I tillegg kjem inntektene frå auksjonen som det no er gjort framlegg om.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: