Meny Lukk

Vil halvere reisetida på nytt samband Stord – Kvinnherad

Nytt ferjesamband mellom Stord og Kvinnherad kan halvere reisetida. Ein rapport viser at overfartstida vil ta 18 minutt frå Leirvikområdet til Halsnøy mot 40 minutt i dag mellom Skjærsholmane og Ranavik

stord

Ei politisk referansegruppa har lagt fram innstilling til ny ferjestrekning som skal korta ned sambandet. Dei går inn for det såkalla K2-alternativet som inneber ny ferjekai på Stord i Sævarhagen eller Valevågen. På Halsnøy er alternativa Klosterneset, Sætersneset eller Ranavik. Overfartstida mellom Sævarhagen og Klosterneset vil vera på 18 minutt som er om lag ei halvering av overfartstida mellom Skjærholmane og Ranavik i dag fortel Hordalandfylkeskommune på nettsidene sine.

Vil ha Sunde med

Referansegruppa vil og ha med Sunde som alternativ ferjekai i Kvinnherad grunna dårleg veg over Halsnøy og manglande avklaring for når den skal bli rusta opp. Sunde kan og verta mellombels løysing inntil vegen er tilstrekkeleg utbetra.

Representantar frå Stord ber om at det såkalla alternativ K4, ferje mellom Jektevik og Sunde og vert vurdert. Dette alternativet gir lågast trafikkgrunnlag og regional nytte, men er alternativet med avgrensa kostnader og inngrep.

Ut på høyring

Planarbeidet for det nye ferjesambandet starta i fjor. Det er eit samarbeid mellom Stord og Kvinnherad kommunar og Hordaland fylkeskommune. Forslag til planprogram skal leggjast fram i vår og sendast ut på høyring.

Den politiske referansegruppa er samansett av tre politikararar frå kvar kommune, inkludert ordførarne, og to frå fylkeskommunen. Gruppa vert leia av Jon Askeland som er leiar av utval for miljø og samferdsel i Hordaland. Fylkesrådmannen i Hordaland har ansvar for å ferdigstilla rapport om aktuelle alternativ og planprogram.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: