Meny Lukk

Ungdom søker seg til landbruket

For fjerde år på rad er det aukande interesse for landbruksfag på vidaregåande skular. Dette går fram av dei nasjonale søkjartala for vidaregåande opplæring, som vart offentlege torsdag

jordbruket

Frå 2017-2018 er det 6 prosent auke i søkartalet til programfaget naturbruk. Frå 2016-2018 er det ein auke på 16 prosent. Dette fortel Landbruks – og matdepartementet.

– Mi viktigaste oppgåve som landbruks- og matminister er å få unge menneske til å ha tru på landbruket, og at dei ser grunnlag og mogelegheitar for å satsa på ei framtid som bonde, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. Det er dette som avgjer rekruttering og framtid for norsk matproduksjon. Derfor er dette gledelege tal, seier Dale, som tilrår ungdom med interesse for landbruk å velja eit slikt utdanningsløp.

– Som bonde kjem du nær på naturen og livet, du får ansvar for og høve til å arbeida med det som veks og gror. Du er din eigen bedriftsleiar, og kan legga opp verksemda og arbeidsdagen slik du sjølv meiner er best, seier Jon Georg Dale.

Auka investeringar i norsk landbruk

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at investeringane i driftsbygningar i jord- og hagebruk auka frå 3,5 til 4,0 milliarder kroner frå 2014 til 2016. Talet på jordbruksverksemder som investerte i driftsbygninga rauka i samme perioden frå 5.400 til 7.000.

-Det er store mogelegheitar i norsk jordbruk. Det handlar om å utnytta dei. Me treng rekruttering. Me treng folk som vil noko, anten det er i volumproduksjonen, eller det er kopling opp mot lokalmat, reiseliv og kultur, seier Jon Georg Dale.

Landbruks- og matministeren gler seg spesielt over at det er mange unge bønder som investerer:

– I jordbruksavtalane ligg det investeringsmidler som bøndene kan søka på. I 2017 gjekk 27 prosent av desse midlene til bønder under 35 år, medan 78 prosent gjekk til bønder under 50 år, seier Jon Georg Dale.

Bonde så klart

Landbruks- og matministeren møtte nyleg mange unge bønder som er med i rekrutteringsnettverket Bonde så klart frå Oppdal og Rennebu.
– Eg fekk høyra fleire historiar der dei fortalde om seg sjølve og korleis dei la opp gardsdrifta. Sams for alle, var framtidstru og vilje til å satsa. Dei har stor glede og nytte av å samlast i slike nett verk. Slike møte med folk som har tru på det dei driv med, gir meg inspirasjon og krefter til å stå på vidare i mitt arbeid, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: