Meny Lukk

Trappar opp ordninga med skulefrukost

Det er stor interesse for ordninga med skulefrukost, og fleire vidaregåande skular søkjer om støtte til ordninga. Alle dei 33 skulane som søkte, får støtte

skulefrukost
Fylkestinget vedtok i desember 2017 å setja av 2,5 mill. kroner til opptrapping av ordninga med skulefrukost. I 2018 er det sett av kr 6 500 000 til formålet ifylgje nettsidene til Hordaland fylkeskommune.

Eit organisert og sunt frukosttilbod før skulen byrjar, er helsefremjande. I tillegg vil elevane samlast på ein arena som bør ha som mål å vere både sosial og inkluderande, og som på sikt kan bidra til å redusere sosiale forskjellar i helse. At talet på søknader har auka frå i fjor, vitnar om stor interesse for eit frukosttilbod, og auka forståing for at tiltaket har noko å seie for det fysiske og psykiske læringsmiljøet til elevane, meiner fylkeskommunen.

Midlene som vert fordelte på skulane, skal gå til råvarene dei treng til frukosten, ikkje til løn i samband med gjennomføring av ordninga.

For å kunna ha oversikt over korleis skulane disponerer middela, pliktar dei å senda inn ein rapport med frist 15.12.2018, om organisering, økonomi og deltaking.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: