Meny Lukk

Terapi og trening hjelper ikkje mot ME

Forskarar bak ny studie slaktar tidlegare forsking som viste at kognitiv atferdsterapi og fysisk trening kan gjera ME-råka betre

ME
Journalist Anne Lise Stranden fortel i ein artikkel på forskning.no  at personar som har ME eller kronisk utmattingssyndrom vert råka av trøttheit som ikkje går bort sjølv om dei kviler. Andre symptom er smerter i kroppen og feber eller feberkjensle.

Kva som er årsaka til sjukdomen veit ein ikkje. Men hjå mange oppstår den etter ein infeksjon som influensa.

Førebels fins det ingen medisin som kurerer sjukdomen. I fjor haust kom den nedslåande nyheita om at behandling med kreftmedisinen Rituximab som mange ME-pasienter hadde sett si lit til, ikkje virka likevel.

I 2011 vart det publisert ei studie i tidsskriftet The Lancet som hevda at kognitiv atferdsterapi og fysisk trening kunne forbetra tilstanden for personar som var råka av ME eller kronisk utmatting.

Ifylgje studien opplevde heile 60 prosent av deltakarane som fekk slik behandling, ei forbetring.

Studien vart kraftig kritisert og omdiskutert, ikkje berre av ME-pasientar, men også av andre forskarar.

Forskarane fekk mellom anna pepper for å ha endra kriteria for symptomforbetring undervegs i studien. Ei anna innvending var at studien ikkje var basert på objektive funn, men deltakarne sine subjektive observasjonar.

Den såkalla PACE-studien er skuleeksemplet på dårleg forsking, skreiv redaktøren for Journal of Health Psychology.

No er studien analysert av andre forskarar, melder Sveriges Radio.

Då den nye gruppa forskarar analyserte informasjonen på nytt, fikk dei eit heilt annet resultat. Berre 20 prosent opplevde forbetringar av kognitiv atferdsterapi og trening. Den nye analysen er nyleg publisert i tidsskriftet BMC Psychology.

– Det som er tydeleg, er at ein ikkje kan trena seg frisk. ME-pasientar treng ofte å spara på energien i staden, kommenterer overlege Per Julin, som er spesialist i rehabiliteringsmedisin.

Allereie i 2011 var han kritisk til studien, men deltok ikkje sjølv i den nye analysen.

Blanda saman stress-relatert utmatting med ME

Julin forklarer til forsking.no at forskarane bak studien i 2011, blanda saman stressrelatert utmatting, såkalt utbrentheit, med ME og kronisk utmattingssyndrom.

– Dei fleste pasientar med stressrelatert utmatting vert nok betre av gradvis aukt trening, medan pasientar som oppfyller moderne kriterier for ME, istaden vert dårlegere, forklarer Julin i ein epost til forskning.no.

Desse kriteria er mellom anna intoleranse for anstrenging og oppblussande influensaliknande symptomer ved anstrenging, som varer meir enn eitt døger.

– Den første studien gir ingen informasjon om eventuelle forskjellar mellom desse gruppene, sidan ein ikkje har brukt desse diagnosane. Det gjer at studien ikkje er anvendbar, seier Julin.

Han er overlege ved ME-mottaket ved Neurologiska Rehabiliteringskliniken i Stora Sköndal og er tilknytta Karolinska Institutet i Stockholm.

Å verta sliten av å gjera heilt vanlege aktivitetar er typisk for den som har ME eller kronisk utmattingssyndrom.

– Noko så lite anstrengande som å ta ein dusj, kan gjera dei sengeliggande resten av dagen, seier Julin.

Enn så lenge fins ingen medisin eller trening som hjelper. Men for dei fleste pasientar pleier symptoma å verta svakare etter lang tid, ifylgje Julin.

Forskningsrådet delte nyleg ut forskingsmidler til ME-studier, dels basert på brukarmedvirkning. Prosjekta vart uforma ut frå 737 innspel frå pasientar, som til slutt enda opp i fire prosjekt om ME, som fekk pengar.

Dei fire prosjekta skal forska på årsakene til sjukdomen, korleis det går med sjuke og pårørande i møte med offentlege tenester og testa ut ei ny behandlingsform. Dei fire prosjektea vert utført ved SINTEF, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og Universitetssjukehuset i Nord-Noreg

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: