Nye tal frå SSB viser ein vekst på 134 helsesøstre og 46 jordmødre på helsestasjonane og i skulehelsetenesta frå 2016-2017. Det er ein kraftig auke i årsverk for desse yrkesgruppene
Det har gjennom fleire år vore satsa på å bygga opp eit godt lavterkskeltilbod til born, unge og familiar i kommunane.
– No ser me tydeleg at denne politikk fungerer. Helsestasjons- og skulehelsetenesta er spydspissar i det førebyggande arbeidet og innan psykisk helse, og har ansvaret for å fylgja opp kvinner og familiar i barselperioden. Det er derfor svært gledeleg at me ser ein så stor vekst i jordmødre og helsesøstre, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding frå Helse- og omsorgsdepartementet.
Til samanlikning auka årsverk for helsesøstre for 2015-2016 med 118, medan me året før såg ein auke på 135. For jordmødre var tala 39 fleire årsverk for perioden 2015-2016, medan det året før var ein auke på 35.
-Dette betyr at barselomsorga vart styrka og at oppfylgjinga av nyfødte born og nybakte mødre vert endå betre. Me er likevel ikkje i mål, og vil halda fram satsinga, seier Bent Høie.
I budsjetta for både 2017 og 2018 er helsestasjonane og skulehelsetenesta styrka med over 1 milliard kroner. Gjennom budsjettforliket er det avsett ytterligare 20 millionar kroner i øyremerka tilskot til jordmortenester i kommunane i 2018.
Totalt auka antal årsverk jordmødre med 120 i perioden frå 2014-2017. Antal årsverk helsesøstre auka med 387 i samme periode.
(I ei tidlegere utsendt versjon av denne pressemeldinga har Helse- og omsorgsdepartementet oppgitt andre tal på auken av antalet jordmødre og helsesøstre i kommunane. Årsaka var at SSB la ut feil tal morgonen torsdag 15. mars. SSB retta tala. Det samme har departementet gjort.