Meny Lukk

Skuleskyss kostar flesk for fylka

Fylka må betala det meste av skuleskyssen når kommunane legg ned skular fortel Klassekampen.
Seniorforskar ved Nordlandsforskning, Karl Jan Solstad, fortel at i nokre tilfelle kan ei skulenedlegging føra til meirutgifter for fylket som er større enn dei kommunale innsparingane,

bussfylke
Bilete: Tone Mannsåker

Skuleskyss kostar nær fire milliardar kroner i året – ein tredel av det barnetrygda kostar.Den dyraste skuleskyssen kostar ein million per elev

I 2013 fekk 135.000 elevar i grunnskulen skuleskyss.

– Dette er dei kostnadane som aldri vert tekne med i reknestykket når kommunane vel å leggje ned ein skule, for fylkeskommunen tek det meste av meirutgiftene til skule­skyss, seier Torodd Fagerheim i Landslaget for nærmiljøskulen.

Kva det reelt sett kostar fylkeskommunane å dekke skuleskyssen, er det ingen som veit heilt sikkert. Rapporten «Kostnader ved skoleskyss» har Senter for økonomisk forskning utarbeidd for kommunesektorens interesse­organisasjon KS. I rapporten er dei samla kostnadane i 2013 talfesta til 2,6 milliardar kroner. I tillegg kjem kostnadane til kommunane på 1,2 milliardar kroner.

Fordi fylka manglar god oversikt, er det stor uvisse knytt til tala. Kostnadane kan vere høgare. Berre i Finnmark utgjer skuleskyss største del av kostnadane til kollektivtransport i fylket på 343 millionar kroner. Desse kostnadane veks kvart år.

I KS ønskjer dei ikkje å uttale seg om rettvisa i at kommunane velter kostnadane over på fylka.

– Dette er eit spørsmål om oppgåvefordeling mellom kommunen og fylkeskommunen som eg ikkje ønskjer å kommentere. Det må vere opp til kommunane og fylka å diskutere rettvisa i dette, seier avdelingsdirektør i KS, Erling Lien Barlindhaug.

Tal Klassekampen har henta inn, tyder på at skyssutgiftene til elevar i vidaregåande skular utgjer mellom ein firedel og ein tredel av dei samla skysskostnadane.

Hordaland fylkeskommune kjenner kostnadane for dei elevane som fekk individuelt tilrettelagd transport, i hovudsak drosje. I gjennomsnitt per elev var dei på 65.000 kroner. Det er meir enn ein tredel av kva det kostar å ha ein elev i grunnskulen i eitt år.

I ei kartlegging basert på 52 skular lagde ned frå 2001 til 2003 utført av Nordlandsforskning går det fram at alle elevane hadde rett til skuleskyss etter nedlegging. Gjennomsnittleg skysslengd vart 15 kilometer.

– Eg har talfesta auken i skysskostnadar til 700.000 kroner i gjennomsnitt for kvar skule, seier prosessor og seniorforskar ved Nordlandsforskning, Karl Jan Solstad.

Han fortel at i nokre tilfelle kan ei skulenedlegging føre til meirutgifter for fylket som er større enn dei kommunale innsparingane, men dette er unntaket.

– Vi har i Nordland sett døme på at fylket i nokre tilfelle har gitt tilskott til kommunen for å unngå nedlegging av skulen fordi slik nedlegging ville føre til ekstreme kostnader knytt til etablering av skuleskyss, til dømes naudsynt båtskyss, seier Solstad.

Den dyraste skuleskyssen kostar fylket ein million kroner i året per elev. Spørsmålet om kven som skal dekka skuleskyssen er teken opp i Stortinget ved fleire høve. Statssekretær Rikke Høistad Sjøberg (H) i Kunnskapsdepartementet skriv i ein e-post: «Spørsmålet om hvilket forvaltningsnivå som skal ha ansvar for skoleskyss har nylig vært vurdert av Stortinget, og vurderingen er at det fortsatt bør ligge hos fylkeskommunen.»

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: