Sjølv om utbyttet frå elgjakta auka, var det hjortejakta som slo alle rekordar i jaktåret 2017/2018. I alt vart det felt 42 500 hjort og 31 600 elg i dette tidsrommet, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB)
For første gong passerte hjortejakta elgjaktasfellingsrekord frå 1999, då det vart skote 39 400 elg. Etter årtusenskiftet har utbyttet frå elgjakta gått gradvis ned i mange av dei viktige elgområda, og antal fellingar nådde sin førebelse botn i jaktåret 2016/2017 ifylgje nettsidene til Landbruks-og matdepartementet.
I samme periode har utbyttet frå hjortejakta halde fram med å stiga og passerte elgjakta i 2008/2009. I jaktåret 2017/2018 auka utbyttet frå elgjakta med 780 dyr frå føregåande jaktår. Det vert likevel lite samanlikna med hjortejakta der utbyttet økte med hele 4 800 dyr.
Av fellingskvotene på 57 200 hjort og 39 900 elg enda fellingsprosentane på respektive 74 og 79 prosent.