Aldri før har det vorte avslørt meir forsikringssvindel i Noreg enn i 2017. I fjor vart det avdekt svindel for 428 millionar kroner. Antalet nordmenn som vart tekne, er rekordhøgt og unge under 29 år toppar svindelforsøk innan reise, innbu og lausøyre

forsikringssvindel
Datakrim. bilete: Colourbox – Tryg Forsikring

 Det er nedslåande at forsikringssvindel aukar, og det er skremmande at så mange unge vert avslørte. Dei risikerer politianmelding, bøter og fengsel i tillegg til å verta nekta å teikna forsikring i selskapet i framtida. Me i Tryg har gode rutinar for å avdekka forsikringssvindel, men eg fryktar likevel at det er mørketal her, seier Maria Haarr, skadedirektør i Tryg Forsikring i ei pressemelding.

Ho påpeikar at Tryg er ekstra merksame på svindel i samband med ein aukande andel automatiserte forsikringsoppgjer. Svindelforsøk som gjerne vert avdekt ved hjelp av ulike dataløysingar som kan kjenna att mønster hjå forsikringssvindlarane, eller falsk dokumentasjon i form av bilete og kvitteringar.

 Me hadde til dømes ein kunde som ville ha erstatning for ein knust TV, men brukte bilete funne på nettet som dokumentasjon. Me har eigne svikfilter som kan bidra til å avsløra svindelforsøk, og berre i fjor avdekka me svik tilsvarande rundt 40 millionar kroner. I dette tilfellet vedgjekk vedkomande å ha dikta opp ein skade som ikkje hadde skjedd. Hovudregelen er at forsikringssvindel vert politianmeldt, seier Haarr.

Dei fleste svindelforsøk i 2017, var innan skadeforsikring, bil-innbu-reise og bygningsforsikring, som utgjorde 70 prosent. Deretter fylgjer saker innan personforsikring, sjuke- og uføreprodukt, med 26 prosent. Dei største beløpa gjeld svindel med uføreforsikringar, medan det er flest saker innan skadeforsikring, viser tal frå Finans Norge.

 Det er forsikringsbransjen sjølv som avslører dei fleste svindlarane, det er kun unntaksvis at saker vert avdekka etter eksterne tips. Beløpa varierer, men i gjennomsnitt forsøkte svindlarane å lura til seg rundt 162.500 kroner i fjor. Så må me ikkje gløyma at svindel i praksis inneber tjuveri frå dei andre kundane våre, og gjer forsikring dyrare enn naudsynt, seier Haarr.

Det er flest menn som vert avslørte som forsikringssvindlarar, 63 prosent mot 37 prosent kvinner. Tala viser også at menn prøver seg på større beløp enn kvinner.

Antal avdekka saker for skadeforsikring og sjuke- og uføreprodukt sett under eitt i høve til folketal, er høgastst i Aust-Agder, Østfold, Telemark og Oslo. I tillegg ligg Finnmark, Akershus, Buskerud og Vestfold over snittet totalt.

Fylket med færrest avdekka saker i høve til innbyggertalet, er Sogn og Fjordane.

Antalet svindelsaker har auka jamnt dei siste ti åra. I 2008 vart det avdekka 482 tilfelle av svindel innan skadeforsikring privat, medan dette talet er 815 for fjoråret, ein auke på 69 prosent.

I Noreg viser årlege marknadsundersøkingar at forsikringssvindel er meir sosialt akseptert enn andre typar kriminalitet, særleg mellom unge. Det er også ein trussel mot bransjen at det vert avdekt saker der forsikringsbedrageri vert begått i samanheng med andre former for økonomisk kriminalitet.

 Me meinar det er mykje forsikringsbransjen sjølv kan gjera for å redusera forekomsten av forsikringssvindel. Selskapa må gjera endå fleire førebyggande tiltak saman som bransje, og me må politianmelda forsikringssvindel og samarbeida med politi og andre offentlege etatar, i tillegg til aktørar innan næringslivet. Men ikke minst må me halda fram arbeidet med å utvikla gode dataløysingar som effektivt stoppar forsøk på forsikringssvindel, seier Maria Haarr, skadedirektør i Tryg Forsikring.

Meir frå rapporten «Svikstatistikk 2018»:

· Dei fleste avdekka saker er tilfelle der kunden melder eit fiktivt skadetilfelle. Dei største beløpa er på dei arrangerte skadene.

· Beløpsmessig er det bygningsforsikringar som er størst då det ofte dreier seg om påsette branner.

· Det er fiktive skader som er hovudkjelda for bilsvindel med 28 prosent. Tidlegare var det meir vanleg å arrangera skader.

· I 2017 var det hyppigast avdekka svindel i samband med tjuveri og innbrot. Hovudtyngda av tilfella er at allereie oppståtte skader vert påplussa.

· På reiseforsikring var det hyppigast svindel i samband med tjuveri/tap av reisegods. I snitt vart det svindla for 33.000 kroner per tilfelle på ulukke/sjukdom, medan det for tjuveri/tap av reisegods var nesten 28.000 kroner per tilfelle. Halvparten av tilfella har skadestad i Noreg. Dei fleste av sakene oppstår fordi det vert meldt eit fiktivt skadetilfelle.

· Individuell pensjon og individuell uførekapital er dei to dekningstypane der det vart avdekka størst svindel i 2017, både sett i høve til antal saker og i beløp.

· Det vert stadig avdekka saker der forsikringsbedrageri begås i samanheng med andre former for økonomisk kriminalitet. Denne formen for kriminalitet vert ofte begått av multikriminelle med stor kompetanse og mobilitet. Utbytte frå forsikringsbedrageri nyttast i desse miljøa til å finansiera andre former for kriminell aktivitet.

· Ei studie frå 2015, utført av Svensk Försäkring og Brottsförebyggande råd, avdekka at nærare 75 prosent av dei som vert anmeldt for forsikringsbedrageri, tidlegare er domfelte for anna kriminell verksemd. Dette viser at forsikringssvindel ikkje er ei impulshandling, men er utbreidt mellom kriminelle.

Heile rapporten kan lastast ned her:

https://www.finansnorge.no/siteassets/statistikk/forsikringssvindel-i-norge—svikstatistikk-2018-2017-tall.pdf

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese