Meny Lukk

Prosjektet har på ingen måte stoppa opp

Hordaland Fylkeskommune har gitt Norconsult i tilleggsoppgåve å sjekka ut ein del påhogs – talternativ til det mange vonar vert den nye tunnelen mellom Austrepollen og Nordrepollen

Toralv-mikkelsern
Toralv Mikkelsen Bilete: JK Flattun

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel styreleiar i Jondalstunnelen AS, Toralv Mikkelsen, at Norconsult skal levera ein sluttrapport til Fylkeskommunen straks over påske.

– Prosjektet har på ingen måte stoppa opp, det er under vidare bearbeiding for å seia det slik. Det er her som med alle andre tunnelprosjekt, at ein kan gå inn ulike stader.

Mikkelsen fortel at det er gjort nokre nye undersøkingar for å slå fast kva for alternativ som er best.

– I Nordrepollen er dei forsåvidt einige om kor påhogget bør koma, men i Austrepollen har det vore tre, fire alternativ. No sist då dei hadde befaring der,  såg ein nærare på eit par alternativ som ligg litt lengre opp mot dagens Folgefonntunnel.

Etter det Mikkelsen seier, er det inga usemje mellom dei fire tunnelkommunane  – Odda, Kvinnherad, Jondal og Kvam, om å greia ut dette prosjektet. – Men så er jo sjølvsagt den store utfordringa å få finansieringa på plass. Det er alt for tidleg å seia noko sikkert om kor store kostnadene vert og korleis ein skal finansiera dei, men alle fire kommunanestår samla.

Styret i Jondaltunnelen skal ha eit møte like over påske med eit etterfylgjande eigarmøte. – Der vil eigarane få høve til å uttala seg om prosessen vidare og der trur eg ein vil finna kvarandre og arbeida saman med hovudaksjonæren, Hordaland Fylkeskommune – som på mange måtar er den mest sentrale aktøren i dette.

Kor vidt kommunereforma som trør i kraft i 2020 vil ha noko å seia for kostnadsfordeling i høve til ny tunnel, er det for tidleg å meina noko om, meiner Mikkelsen.

– Men det som er positivt, og som me har merka oss, er at trafikken i Jondalstunnelen heilt sidan den vart opna 7.september i 2012, har vore jamt aukande, og no i forkant av påsken, har omlag 950.000 bilar totalt sett, køyrd gjennom. Bil nummer 1 million vil truleg passera gjennom rundt midtsommar i år.

Det som er Jondaltunnelen AS si primære oppgåve no, er å sjå på takstane, fortel Mikkelsen. – Me får jo eit nytt takstregime, så me arbeider no med å sjå på korleis dette vil slå ut for Jondalstunnelen. Der er me i eit nært samarbeid med Statens Vegvesen og eigarkommunane for å finna løysingar som gjer at dei nye takstane som vert iverksette ein gong i 2018, ikkje slår alt for negativt ut for dei faste brukarane av tunnelen.

Jondalstunnelen AS er i ferd med å utarbeida eit framlegg til å justera ned satsane, som vert iverksette frå eitt eller anna tidspunkt, truleg på hausten. Dette for at lokaltrafikken og særleg næringstrafikken, ikkje skal verta skadelidande av dette nye rabattsystemet som Stortinget har vedteke.

Mikkelsen fortel at utgangspunktet hadde Jondalstunnelen eit lån med ei løpetid på 15 år, til 2027.

– Men inntektene har vore så store at me har reforhandla, slik at avtalen med Kommunalbanken no har ei løpetid på 10 år, dermed skal lånet betalast ned i 2023. Teoretisk kunne me ha betalt det ned tidlegare, men no er målet at me skal krevja inn bompengar til 2023, men altså prøva å få justert ned takstane av omsyn til lokaltrafikken som vert større og større.

Forrige månad hadde ferja mellom Tørvikbygd og Jondal ein liten nedgang i trafikken. – Samtidig hadde Jondalstunnelen ein auke i traikken på nesten 4,8 prosent, fortel Mikkelsen. –  Dette er ein indikasjon på at det er meir lokaltrafikk gjennom tunnelen enn det har vore tidlegare.

Éi forklaring på auken i lokaltrafikk meiner han kan ha samanheng med at fleire i Jondal vel å bruka Odda som handelssentrum med bakgrunn i at begge kommunane saman med Ullensvang i 2020 vert éin kommune.

– Kanskje er det og fleire oddingar som har hytte i Jondal enn det var tidlegare, det er iallefall ei interessant utvikling, seier styreleiaren i Jondaltunnelen AS, Toralv Mikkelsen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: