Meny Lukk

Ny styreleiar i Tysnes Sparebank

Bente Raknes (Tysnes) vart vald som ny styreleiar for perioden 2018 – 2020. To nye styremedlemer vart innvalde og for første gong i banken si historie kjem det inn styremedlem som ikke er frå Tysnes kommune

tysnessparebank
Dag Sandstå og Oddrun Tysnes. Bilete: Tysnes Sparebank

Banksjefen i Tysnes Sparebank, Dag Sandstå, fortel fylgjande i ei pressemelding.

Årsrekneskapet til banken vart godkjent
Forstandarskapet i Tysnes Sparebank hadde møte onsdag 21. mars 2018 leia av Lorentz Lunde. I møtet vart årsrekneskapen for 2017 godkjend og utbyte til eigenkapitalbeviseigarane vart fastsett.

Det vart også gjennomført val på nye styremedlemmer.

Utbytte for 2017

Forstandarskapet vedtok å utbetala kr. 8,87 i utbytte per eigenkapitalbevis – den kapitalen som vart innbetalt i desember 2017 får 1/12 utbytte.  Dette tilsvarer ei årleg avkastning på om lag 7,8 %.

Ny styreleiar

Etter at Leif Magne Hovland gjekk av etter maksimal tid i tillitsverv i banken vart rektor ved Uggdal Skule, Bente Raknes, vald som ny styreleiar for perioden 2018 – 2020.

Bente Raknes har hatt tillitsverv i banken sidan 2007 – dei siste åra som nestleiar i styret.

Nye styremedlemmer

Ingvild A. Hustad (Tysnes) og Tor Brattebø (Bergen/Jondal) vart valde som nye styremedlemmer i banken.

Ingvild A. Hustad er utdanna jurist og arbeider i NAV Tysnes. Tor Brattebø har lang erfaring frå ulike styreverv – også innan bank. Han har tidlegare vore adm. dir. i Vestlandske Salslag og Felleskjøpet Vestlandet.

”Eg er stolt og audmjuk over den oppgåva som eg har fått som ny styreleiar” seier Bente Raknes. ”Banken er i god utvikling i ei verd som er i omstilling – det gjev banken mange utfordringar som må løysast i tida som kjem” uttaler Raknes.

Det nye styret har sitt konstituerande møte i mars.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: