Meny Lukk

No er to av tre norske etternamn eit gardsnamn

Stadig fleire nordmenn får namnet på ein gard eller ein stad som etternamn. Sen-namna kan vera i ferd med å forsvinna

sivle-gard
Sivle Gard

I ein artikkel på forsking.no fortel Bård Amundsen at  Hansen, Johansen og Olsen framleis er dei dei tre vanlegaste etternavmna i Noreg og at om lag 150 000 personar har dei tre namna som etternamn.

Men i takt med at fleire vil ha sitt eige spesielle etternamn, krympar antalet som går rundt med eit farsfornavn som etternamn – eit patronym(frå gresk: pater betyr far).

Olav Veka er ein av Noregs fremste ekspertar på fornnamn og etternamn. Den tidligare lektoren ved Ringsaker vidaregående skule har gitt ut fleire bøker om emnet, no sist ei ny 2. utgåve av «Norsk etternamnleksikon».

– Truleg er det rekord i Europa når så mange som to tredeler av alle nordmenn har namnet sitt etter ein gard, seier Veka til forskning.no. Han legg til at finnane kanskje har ein like høg førekomst.

Namneeksperten anslår at det no antakeleg berre er 20 prosent av nordmenn som framleis har eit patronym som etternamn

Olav Veka har rekna seg fram til at det fins rundt 1400 ulike patronym i Noreg. Desse etternamna spenner frå Aadnesen (etterkomarar av Ådne eller Aadne) til Ånesen.

I 1994 var deit hele 63 823 personar som heitte Hansen i Noreg. I dag er det berre litt over 50 000 Hansen-ar igjen. Dermed kan ein gamal norsk tradisjon med bruk av patronym som strekk seg tilbake til vikingar som Olav Tryggvason og Ragnhild Magnusdottir, være i ferd med å forsvinna.

– Det er ein ganske dramatisk tilbakegang i patronym. Tatt i betraktning at folketalet i Noreg har auka nokså mykje dei siste åra, er tilbakegangen endå større enn den kan sjå ut som, seier Veka.

Einaste unntaket namneeksperten ser, er sjeldne patronym. Har du eit patronym du nesten ikkje deler med andre, er det sannsynleg at du vil behalda det for ettertida.

Men kva er årsaka til at patronyma forsvinn? spør Amundsen.

– Heiter du Elvestuen eller Smelror til etternamn, så har du kanskje noko å snakka med folk om. Heiter du Olsen, så er det ikkje så enkelt å føra ein samtale om namnet ditt.

– Patronyma vert kanskje for anonyme og uinteressante for folk, antydar Veka.

I tidlegare tider var etternmvn eller slektsnamn mindre viktige enn dei er i dag. Mange hadde ikkje noko etternamn. Vanlege folk i Noreg vart stort sett alltid tiltalt med fornamn.

Då det i 1923 vart påbode med etternamn i Noreg og dessutan påbode at etternamnet skulle vera eit fast slektsnamn, forsvann dei ekte patronyma.

Som fylgje av det, var det ikkje berre sonen og dottera til Gunder som vart heitande Gundersen, men også barnebarna og alle som kom etter dei.

Les meir om namn på Forskning.no

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: