I fjor vart 53,1 prosent av alle fødte døypt i Den norske kyrkja. Det er ein nedgang på 2,2 prosentpoeng. Også blant kyrkja sine eigne medlemer er det synkande oppslutning om dåpen

oddakyrkje
Odda kyrkje bilete: JK Flattun

Tala kjem frå SSB som slapp statistikken forrige veke.

– Vi fylgjer nøye med på utviklinga og ser at ein del tal går nedover. Særleg utfordrande er det at kyrkjemedlemer i minkande grad vel å døypa borna sine. Det fins ikkje enkle løysingar, men eg trur vi alle må jobba hardt for å visa at vi framleis er ei relevant kyrkje og at det gjennom dåpen vert spent ein himmel over barnet sitt liv, seier leiaren i Kirkerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum på kirken sine nettsider.

Det vart døypt 30 268 i Den norske kyrkja i fjor. Andelen døypte eitt-åringar blant born av medlemer og tilhøyrige busette i Noreg, var 76 % i 2017. Det er ein nedgang på 0,7 prosentpoeng frå 2016.

I årsrapportane frå alle dei elleve bispedøma vert det fortald om styrka innsats for å invitera kiyrkja sine medlemer til å døype sine born.

– Vi ser at ulike faktorar i samfunnsutviklinga generelt, endrar folk sine haldningar og vanar når det gjeld oppslutning om kyrkja sine tenester. Likevel skal vi ikkje stirra oss blinde på negative trender. Vi skal vera tydelege, offensive og frimodige på evangeliet sine vegner, seier Gunleiksrud Raaum.

Framleis har Den norske kyrkja ei brei kontaktflate. I løpet av 2017 var det 5,4 millionar gudstenestebesøk, 1,8 millionar deltok på konsertar og kulturarrangement i kyrkjene og nesten 100.000 er engasjert i frivillig arbeid rundt om i menigheitene.

Eit positivt trekk er at antalet 14- og 15-åringar som vert døypte i samband med konfirmasjon, auka frå 979 i 2016 til 992 i 2017. Ressursar for dåp av konfirmantar og ungdom som søker dåp, er utvikla, og i 2018 vil det verta utvikla tilsvarande for unge vaksne og vaksne som søker dåp.

Den totale gudstenestedeltakinga gjekk tilbake frå 5 685 461 deltakarar i 2016 til 5 419 665 deltakere i 2017. Det er gudstenester på søn- og helligdagar som utgjer tilnærma heile denne nedgangen, med omkring 250 000 færre deltakarar. Antal deltakarar på gudstenester utanom søn- og helligdager har hatt ein liten nedgang i dei førebelse tala, med 12 000. Dette vil kunna endrast når dei siste tala kjem inn.

Det gjennomsnittlege frammøtet ved gudstenesta gjekk ned frå 92 i 2016 til 90 i 2017. Gudstenester utanom søn- og helligdagar har imidlertid auka det gjennomsnittlege deltakerantalet per gudsteneste frå 79 til 81,5.

71 % av befolkninga er medlemer eller tilhøyrande av Den norske kyrkja. Ved utgangen av 2017 utgjorde dette 3 740 920 personar. I tillegg kjem medlemer busette i utlandet. I 2017 valde 15 582 å melda seg ut av kyrkja, medan 2 466 melde seg inn (i tillegg til dei 30 268 døypte). Tilsvarande tal for 2016 var 41 077 utmelde og 3 147 innmelde.

Les heile saka på kirken.no. Der finn ein og lenke til årsmelding, statistikk med meir.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.