Professor Kevin Glover meiner forskinga hans viser at det kun skjer heilt minimale endringar for villaksbestandane i elvene med fem til ti prosent innslag av rømt oppdrettslaks på gyteplassane

elv
NPK viser i ei pressemelding til Dagens Næringsliv som fortel om ein ny rapport som viser at naturen ordnar opp sjølv når oppdrettslaks blandar seg med villaksen på gyteplassane i elvane.

– Me veit mykje, men noko av det viktigaste som står att i forståinga av innblandinga av rømt oppdrettslaks, er kor store konsekvensane vert for villaksen over tid, seier Kevin Glover til Dagens Næringsliv.

Glover leier ei forskingsgruppe ved Havforskingsinstituttet og er professor ved Universitetet i Bergen. Han jobbar med ein modell som viser korleis dei genetiske eigenskapane til villaksen vert påverka av rømt oppdrettslaks.

Modellen simulerer «forureining» av villaks med rømt oppdrettslaks. Den ser på kva som skjer med gyteplassane alt etter kor mykje oppdrettslaks som kjem dit og kor lang tid det tek før plassane er «reine» igjen. Modellen er publisert i det anerkjende tidsskiftet Evolutionary Applications.

–Me har lagt inn frå fem til femti prosent rømt oppdrettslaks på gyteplassane og simulert dette over 200 år. Ved låg til moderat innblanding, det vil seia mellom fem og ti prosent oppdrettslaks, ser me nesten ingen forandringar over 50–100 år i storleiken på ung og vaksen fisk, kor mykje elva produserer og kor mange laks som kjem tilbake til elvane frå havet. Inntil ti prosent rømt oppdrettslaks er ei innblanding me typisk ser i mange norske elver, seier Glover.

Kjelde: nationen

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.