Laurdag 5. mai er det venta rekordstor oppslutnad om den årlege Strandryddedagen
Organisasjonen har sidan 2011 arrangert den årlege dugnaden for å rydda norske strender. Interessa for å hjelpa til, har dei siste åra teke seg kraftig opp. 49.000 frivillige samla i fjor inn 1.400 tonn søppel frå norske strender. Talet på frivillige var då meir enn 160 prosent høgare enn året før. For å bidra til eit endå større engasjement seglar miljøorganisasjonen i år tur-retur Oslo-Runde med seglskipet S/S Vega. – Målet er å bevisstgjera endå fleire til å gjera noko med marin forsøpling. Samtidig kan vi henta inn kunnskap om kva utfordringar frivillige, kommunane og andre har lokalt langs kysten. Meir kunnskap gjer det lettare å få bukt med problemet, seier Gulbransen. Innhaldet i denne saka kom opphaveleg frå Nynorsk Pressekontor. Les meir om Hold Norge Rent |