Kyrkeklokkene bind nordmenn saman med tusen års historie. Mellom dei mange tusen kyrkjeklokkene som fins i landet vårt, er 264 middelalderklokker framleis i kyrkjelig bruk. Dette er unikt i europeisk samanheng
Arkivbilete
Kirken.no skriv på nettsidene sine at KA saman med med Riksantikvaren i mars 2018 ga ut «Kirkeklokker – en innføring i funksjoner, historie, bruk, ettersyn og bevaring»
– Det internasjonale kulturminnevernet er stadig meir oppteken av «immaterielle kulturminner». Det kan tildømes vera kunnskap og tradisjonar, men også lyd. Den kontinuiteten som lyden av kyrkjeklokkene representerer, er verdt å reflektera over og ta vare på, seier Oddbjørn Sørmoen, fagdirektør for kykjeebygg i KA, Arbeidsgjevarorganisasjon for kyrkjelege verksemder.
Kyrkjeklokkene er framleis ein del av ein levande liturgisk og folkeleg tradisjon. I det gamle samfunnet styrte kyrkjeklokkene rytmen i døgeret og året, og dei varsla om fare og krig. Klokkene og ringinga vart gjenstand for folketru og gleid også inn i folkemusikken.
«Klokkenes innskrift og utsmykning forteller om skiftende tiders religiøse, politiske og kunstneriske idealer og er derfor viktige kulturminner. Denne kulturskatten krever en innsiktsfull behandling», heiter det i den nye ressursboka fra KA og Riksantikvaren.
28. – 29. mai 2018 inviterer Aurdal Menighetsråd til det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker i Aurdal og på Valdres Folkemuseum på Fagernes i Valdres. Seminaret vert ein kombinasjon av føredrag med innleigde føredragshaldarar og ei praktisk tilnærming gjennom prøving av kyrkjeklokker og innføring i ulike ringeteknikkar og ringetradisjonar.
Meir informasjon på aurdalskyrkja.no