Omlag halvparten av alle tilskot over investerings- og bedriftsutviklingsordninga i landbruket blei løyvd til kvinner i 2017. Dei siste åra har tilskot til kvinner vore stabilt høg. Det viser tal frå Innovasjon Noreg

dame-landbruket

Investeringsverkemidla i landbruket og Utviklingsprogrammet forvalta av Innovasjon Noreg er målretta verkemiddel for å stimulera til gründarskap og bedriftsutvikling i landbruket. Nærmare 80 prosent av alle investeringstilskot innan andre landbruksbaserte næringar gjekk til kvinner i 2017 fortel Landbruks-og matdepartementet.

Andre landbruksbaserte næringar er det som ikkje reknast som «tradisjonelt» landbruk. Lokalmat, landbruksbasert reiseliv og Inn på tunet er døme på dette. Innanfor Utviklingsprogrammet gjekk over tre fjerdedelar av alle tilskot til bedriftsnettverk og vekstordning til kvinner. I Aust-Agder gjekk heile 72 prosent av alle investeringstilskot i landbruket til kvinner.

Innan investeringar i tradisjonelt landbruk er delen kvinneleg tilskotsmottakarar også høg, med 48 prosent. Dette er ein auke på 7 prosentpoeng sidan 2015. Ein av dei kvinnelege gründerane i landbruket, er Marthe Bogstad frå Kløfta i Ullensaker kommune. Marthe overtok familiegarden som 25 åring og har investert 10 millionar kroner i ny driftsbygning med mjølkerobot, og anna utstyr med hjelp av finansieringstilskot frå Innovasjon Noreg. Ho er ein allsidig bonde og driv med mjølk, kjøtt, gras- og kornproduksjon i tillegg til å arrangere barnebursdagar på stabburet. I 2015 vant ho leiartalentkåringa «Helt sjef».

Investerings- og bedriftsutviklingsmidlene i landbruket, er forvalta av Innovasjon Noreg, og skal støtta opp om investeringar og bedriftsutvikling innan både tradisjonelt landbruk og andre landbruksbaserte næringar. For 2018 er det avsett totalt 634,5 millionar kroner til ordninga over jordbruksavtala. Næringsutøvarar under 35 år og kvinner er prioritert i delar av regleverket. Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping skal skapa vekst innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, Innlandsfiske og andre landbruksbaserte næringar. For 2018 er det avsett totalt 110,7 millionar kroner til ordninga.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese