Fleire personar overlever kreft og må leva med seinskader. Mange har behov for psykososial oppfylgjing. No skal kreftpasientane fylgjast betre opp heime i kommunane etter behandlinga på sjukehus
– Mange kreftpasientar opplever at dei ikkje er friske sjølv om dei er kreftfrie. Å leva med seinskader og å koma tilbake til livet dei levde før kreften, kan vera tøft. Då vert det ekstra vanskeleg når den tette oppfylgjinga dei har fått på sjukehuset, vert borte. No skal me laga «Pakkeforløp hjem», som skal sikra god oppfylgjing i overgangen frå sjukehus til kommune, seier helseminister Bent Høie i ei pressemelding.
«Pakkeforløp hjem»
I regjeringa sin nasjonale kreftstrategi «Leve med kreft» (2018 – 2022), vert pasienten si helseteneste teke eitt steg vidare. – Me har fått gode tilbakemeldingar på pakkeforløpa som er innførte på kreft. Pakkeforløpa har gitt pasientane større føreseielegheit og tryggleik for at utgreiing og behandling skjer så raskt som mogeleg.
«Pakkeforløp hjem» skal mellom anna sikra at rehabilitering er ein del av tilbodet til kreftpasientane som treng det, og at pasientar og pårørande får tilbod om psykososial oppfylgjing. Dette kan gjerne skje i samarbeid med frivillige organisasjonar.
– Nye behandlingsformer og meir intensiv kreftbehandling har ført til at fleire overlever.
Det er kjempebra. Samtidig utviklar mange pasientar helseproblem som fylgje av sjukdom og behandling. Det er behov for aukt kompetanse om slike seineffektar på alle nivå i tenesta, seier Høie.
Tilgang til nye metodar og ekspertpanel
Regjeringa vil sikra at norske pasientar får tilgang til nye metodar og legemiddel raskt. Systemet «Nye metoder», vurderer effekt, tryggleik og kostnader, slik at pasientane kan vera trygge på at dei får god og effektiv behandling. Dette systemet må vidareutviklast. I kreftstrategien vert det mellom anna påpeikt at nye kirurgiske metodar og nytt medisinsk-teknisk utstyr i større grad skal vurderast i «Nye metoder».
– Behandlinga av kreftpasientar skal i aukande grad tilpassast den enkelte pasient. – Me må forbetra oss på at behandlinga vert meir målretta mot kreftsvulsten sine eigenskaper. Då må me bygga opp naudsynt kompetanse. Fleire pasientar skal vurderast for kliniske studier. Arbeidet med å få på plass eit ekspertpanel som skal gi pasientar med alvorleg livsforkortande sykdom, råd om studier eller annan behandling, er godt i gong, seier Høie.
Ekspertpanelet skal vera på plass i løpet av 2018