SSB publiserte forrige veke førebelse tal for kollektivtrafikken i 4. kvartal 2017. Dei viser 25,1 millionar fleire påstigingar samanlikna med samme kvartal året før, noko som er ein betydeleg vekst – 15,8 prosent
Olov Grøtting er dagleg leiar i Kollektivtrafikkforeningen, og fortel i ei pressemelding at ho er svært nøgd med utviklinga.
– Me veit at dei reisande lettare vel kollektivt når det er lett tilgjengeleg, påliteleg og ein saumlaus og enkel reisemetode. Våre medlemer jobbar derfor kvar einaste dag med å forenkla folk sin reisekvardag i alle fylke i landet. Desse tala viser at hardt arbeid gir resultater, og er svært positiv lesning. Som organisasjon er me stolte over den innsatsen våre medlemer legg ned for å betra kollektivtilbodet, som igjen forenklar kvardagen for menneske.
– Ny teknologi gir oss mogelegheiten til å tilpassa kollektivtilbodet til kunden sitt behov i endå større grad, og me har stor tru på endå større vekst i passasjertala i åra som kjem.
– Nye og meir presise teljemetodar hjå nokre få av aktørane i 2017, gjer at ein likevel skal vera forsiktig med å samanlikna direkte med tal frå 2016, men det er likevel liten tvil om at dette er veldig positive tal og ei gledeleg utvikling for kollektivbransjen, avsluttar Grøtting.
På ssb sine nettsider kan ein lesa meir om tala.