Meny Lukk

Konkurranse om nytt fylkesvåpen

Den nye fylkeskommunen på Vestlandet skal få nytt fylkesvåpen. Gjennom ein open innspelprosess, som startar i byrjinga av mai, kan alle kome med forslag til fylkesvåpen. Fristen er 1. juni

fylkesvåpen
Det nye Vestland fylkeskommune skal få eit fylkesvåpen som ikkje er ein kombinasjon av dei noverande fylkesvåpena til Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar. Motivet skal vera samlande og representera den nye fylkeskommunen på ein god måte,fortel Hordaland fylke.
Enkelt og lett å kjenne att

Det er tre hovudgrupper for motiv: Natur og landskap, kultur og historie og daglegliv/anna. Fylkesvåpenet må vere enkelt og lett å kjenne att. Det er ein fordel med få fargar og få motiv, helst berre ein farge, eitt motiv og eitt metall. Motivet bør fylle skjoldflata, vera forenkla og utan for mykje detaljar.

Denne opne innspelprosessen skal skapa engasjement, medverknad og kjensle av identitet hjå dei som bur i det nye fylket. Barn og unge vert spesielt invitert til å delta i prosessen. Forslag til motiv skal teiknast enkelt, utan perspektiv eller skuggar. Det går og an å skrive ein tekst som forklarar korleis det skal sjå ut.

Premiering

Meir informasjon og adresse for å senda inn forslag kjem i byrjinga av mai. Det vil bli informert om dette her på hordaland.no og på den felles nettstaden vlfk.no

Forslag som er komne inn til 1. juni, blir vurdert av ein fagkomite. Gode innspel blir premierte og vil bli tekne med vidare. Fagkomiteen skal føreslå motiv innan dei tre gruppene til 15. juni. Desse går til ein designkonkurranse der minst tre designbyrå skal utforme forslag til fylkesvåpen. Deretter skal fagkomiteen vurdera og rangera bidraga.

Eit arbeidsutval med medlemer frå begge fylka, skal behandla forslaga og legga fram innstilling for politisk behandling i fellesnemnda, som arbeider med samanslåing av dei to fylka. Til hausten skal dei to fylkestinga vedta det nye fylkesvåpenet.

Fagkomite

Arbeidsutvalet vedtok 24. april at desse fem skal vere med i fagkomiteen som skal vurdera forslaga:

  • Janne Leithe, direktør ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • Jørn Øyrehagen Sunde, professor, jurist og rettshistorikar med heraldisk kompetanse
  • Ashley Booth, professor i visuell kommunikasjon ved Høgskulen for Kunst, Musikk og Design i Bergen
  • Oddmund Løkensgard Hoel, førsteamanuensis og språkhistorikar ved Høgskulen på Vestlandet
  • Geir Atle Ersland, UNESCO-professor ved institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, Universitetet i Bergen

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: