Meny Lukk

Klar til å overlate klubba til yngre krefter

Årsmøtet i LO i Indre Hardanger gjenvalde onsdag Terje Kollbotn som leiar. – Men det var under tvil eg sa ja til eitt nytt år, seier den mangeårige leiaren, som kjenner seg stadig meir klar for å trekka seg attende

terje-kollbotn
Terje Kollbotn, Bilete: Tone Mannsåker

Kollbotn vart valt til lokal LO – leiar første gong for 30 år sidan og har vore inne som leiar fire gonger i dei tre tiåra som har gått sidan den gong.

I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at når han seier at han sa ja til gjenval under tvil, så har tvilen samanheng med at han faktisk vert pensjonist i løpet av 2018.

– Men etter sterk oppfordring både frå valkomiteen og årsmøtet, tek eg eitt år til – ikkje minst fordi me no   faktisk står framfor ein ny kamp for Odda sjukehus, som eg og mange andre i Indre Hardanger brenn for.

Andre utfordringar han gjerne vil sjå i hamn, er fullføring av LO – huset på Smelteverkstomta og sjå til at organisasjonen veks i styrke rundt om i distriktet.

– Med eit nytt styre og mange, nye, unge folk, ser eg fram til eit siste år som leiar, og vonar at det betyr at på neste årsmøte får me ei kraftig fornying og forynging av styret.

Ifylgje Kollbotn er det  stor lokal interesse for LO. – Og det siste året viser og at det absolutt er behov for det, jamfør kampen for Odda sjukehus som me no må vidareføra, og kampen for at lokal kraft vert brukt av lokal industri.

LO – leiaren er glad for at årsmøtet har vald eit stort styre. – Det er breidare samansetting av forbund enn før, ein god kombinasjon av erfarne folk og og yngre krefter.

Når det gjeld Odda sjukehus er meldinga klar. – Me må vera på vakt!

– Det visar seg no at det som vart lova i Odda 1.mai 2017 og på Stortinget 15.mai 2017, det vert ikkje fylgd opp til punkt og prikke av regjering og storting og heller ikkje av helseforetaket Helse Fonna, seier Kollbotn.

Årsmøtet i LO har gjort vedtak på at det skal mobiliserast til ei stor mønstring for sjukehuset i løpet av hausten, for å pressa fram varige vedtak om at Odda sjukehus skal styrkast, ikkje svekkast.

Ei anna sak LO i Indre Hardanger vil jobba med det komande året, er det Kollbotn kallar seriøsitet i arbeidslivet. – Bemanningsbyråer skal ikkje ha noko  i Indre Hardanger å gjera, me skal ha arbeidsplassar med fast tilsette og ryddige arbeidsvilkår, med krav om tariffavtalar ved anbod.

Kollbotn seier at LO no utfordrar nye Ullensvang kommune, altså Odda, Ullensvang og Jondal, til å vera i fremste rekke med å stilla krav til seriøse aktørar som skal inn og utføra arbeid for den nye kommunen.

– Årsmøtet har og vedteke at me skal satsa offensivt på å få til eit ungdomsutval under LO i Indre Hardanger, samansett av ungdom frå dei ulike foreiningane.

Når det gjeld LO – huset, vedtok årsmøtet at fleire foreiningar skal koma inn på eigarsida. – Me har og som mål å få ferdig 1.etasje innan oktober, i forkant av Litteratursymposiet, og jobbar vidare med å få leigetakarar og aktivitet i alle rom.

I 2017 hadde Odda Noregshistoria sitt lengste 1.mai – tog sett i høve til innbyggartal. – Dét vert nok vanskeleg å matcha i år, men eg trur folk stiller opp i år og for me har framleis en del å kjempa for, seier Kollbotn.

Han fortel at i tillegg til hovudparolane har 1.mai – komiteen opna for parolar med saker som folk brenn for lokalt. – Og me har og fått inn mange appellantar, ikkje minst unge appelantar, som fortener mange tilhøyrarar, gamle som unge.
Det vert rett og slett ein ungdomeleg glød over 1. mai i år, seier Kollbotn og er godt nøgd med det.

– Og så er eg veldig glad for at forbundsleiaren i Industri og energi, Frode Alfheim, kjem til Odda 1.mai for å halda hovudtalen, noko som passar godt etter det engasjementet me har vist her for lokal kraft til lokal industri.

LO – leiar Kollbotn fortel at sjølv har han som hovudoppgåve 1.mai 2018, å halda appell for Odda sjukehus –  ikkje for første gong og truleg heller ikkje for siste gong.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: