Meny Lukk

Jerveteljinga 2018 er i gong

Statens naturoppsyn (SNO) har starta jerveteljinga for 2018. Det vert intensiv registrering fram mot sommaren, ifylgje Rovdata som og har ei oversikt der ein kan fylgja teljinga 

jerv
Bilete: Wikipedia

– Me har i Noreg eit spesielt fokus på jervekull og overvaking av arten, sidan Stortinget har bestemt eit nasjonalt bestandsmål på 39 årlege kull. I jerveteljaren vil publikum få full innsikt i registreringsarbeidet av jervekull som går føre seg i vår, fortel Jonas Kindberg, leiar i Rovdata, i ei sak på rovdata.no.

SNO utfører registreringsarbeidet i felt og oppsøkjer tidlegare kjente og nye hiplassar på leiting etter kvelpekull.

Dataa som blir lagt inn i jerveteljaren til Rovdata er basert på førebelse vurderingar gjort i felt av SNO. Rovdata vil så gå gjennom og kvalitetssikre registreringane når feltarbeidet er avslutta.

I fjor enda resultatet på 40 jervekull, som var ein nedgang på ti registrerte jervekull frå året før. Basert på talet ynglingar dei tre siste åra blei den norske jervebestanden anslått å telje 324 individ i 2017, som er ein nedgang frå cirka 350 jervar i 2016.

Kjelde: NPK

Les og Jerven har forsynt seg av sau på utmarksbeite i Odda kommune

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: