Det er låge tapstal for sau og lam som vart sleppt på utmarksbeite i Hordaland i 2017. Grunnen er lite rovdyr og organisert beitebruk, men i I Odda kommune har det vore problem med tap til jerv dei to siste åra 

sauerbeiter
Totalt sett er tapstala for Hordaland ikkje høge samanlikna med andre delar i Noreg ifylgje Landbruks-ogmatdepartementet.

Sjølv om det i visse områder langs kysten spesielt er problem med tap av lam til ørn. I desse kommunane (Fitjar, Austevoll, Fjell og Masfjorden) vert dei prosentvise tapa fort store. Ein må merke seg at talet pådyr likevel ikkje er så høge. Nasjonalt er det eit bestandsmål på 850-1200 hekkande kongeørn-par.

I Odda kommune har det vore problem med tap til jerv. Sau og lam teke av jerv, dokumentert av Statens Naturoppsyn, var 47 individ i 2016 og 8 i 2017. Det er betalt ut erstatning for tap til rovvilt til 33 dyr i 2017. Det er gjeve erstatning for fleire dyr enn dette, men dei er registrerte i Rogaland, sidan det er mange føretak frå Rogaland som beiter i desse områda.

Som eit ledd i førebygging av tap av sau og lam på utmarksbeite er det mange som har organisert seg i beitelag. Det er nær 100 organiserte beitelag i Hordaland.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.