Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og stråling frå automatiske straummålarar ifylgje Helsedirektoratet . Fastlegar skal derfor ikkje skriva ut legeattest som seier at pasientar har helseplager som skuldast stråling frå slike Innan 1. januar 2019 vil alle straumkundar få installert automatiske straummålarar. Desse målarane sender målaravlesingsdata til leverandøren over straumnettet, mobilnettet eller eit eige radionettverk. Dette gjev svak elektromagnetisk stråling. Helsedirektoratet hadde 14.mars 2018 desse råda til fastlegar og pasientane deira:
Noregs vassdrags- og energidirektoratet (NVE) har sagt at dersom straummålaren er til vesentleg og dokumenterbar ulempe for nettkunden, kan kunden søkje om fritak frå kravet om å få en slik automatisk straummålar installert. NVE har vidare sagt at for å få unntak, må kunden sende inn attest frå lege eller psykolog som seier at kunden har gitt uttrykk for helseplager som han eller ho meiner skuldast den automatiske straummålaren. Helsedirektoratet legg til grunn Folkehelseinstituttet si kunnskapsoppsummering frå 2012. Her gjekk FHI gjennom mange vitskapelege studiar. FHI fann ikkje haldepunkt for at stråling under dei anbefalte grenseverdiane gir helserisiko. Målingar gjort av Statens strålevern viser at strålinga frå dei automatiske straummålarane ligg langt under de anbefalte grenseverdiane. Helsepersonellova §15 og Forskrift om krav til helsepersonells attester, erklæringer m.v. har desse krava til innhald i legeattestar: «Den som utsteder attest, legeerklæring o.l. skal være varsom, nøyaktig og objektiv. Attest, legeerklæring, o.l. skal være korrekte og bare inneholde opplysninger som er nødvendige for formålet». Dersom fastlegen skriv ut ein attest som seier at pasienten har plagar som skuldast ein automatisk straummålar, vil det vere i strid med helsepersonellova. Referansar
|