Den største saka for Hardangerrådet i dessse dagar, er Hardangerrådet i framtida, frå 2020. – At rådet må gjennomgå endringar, er ein konsekvens av kommunestrukturendringa i Hardanger, seier dagleg leiar Jostein Eitrheim

hardanger-kart
I samtale med programsekretær JK Flattun seier Eitrheim at ein no er inne i ein prosess der ein vurderer kva  kommunar som skal vera med i Hardangerrådet.

– Me har til dømes Granvin som vert ein del av Voss herad, går Granvin ut då, eller kjem Voss herad inn? Det er dette me må vurdera no.

Eitrheim fortel at ein er i den fasen at alle kommunestyra i Hardanger innan 30. juni skal handsama ei sak der dei skal ta stilling til om dei vil anbefala at Hardangerrådet går i dialog med nye Voss herad  for å etablera ein ny selskapsavtale og fundamentet for eit framtidig samarbeid.

– Når det gjeld noverande Granvin herad og Voss kommune, har dei gjennom si fellesnemnd gitt tommel opp for at me skal gå vidare med drøftingar, så frå deira side er det heilt klart ei positiv innstilling til å verta ein del av eit Hardangersamarbeid.

Dersom alle kommunane i Hardanger gir ei anbefaling om å gå vidare, meiner Eitrheim at ein skal oppretta ei arbeidsgruppe beståande av alle ordførarane i Hardanger og ordføraren på Voss og finna ut korleis dei vil at samarbeidet skal fungera.

– Me må setja oss ned saman og sjå korleis med ynskjer at dette skal vera, men i utgangspunktet er det ei forlenging av den type samarbeid og den type selskap som ein har i dag, då utvida med at Voss kjem med. Det vert gjerne ei drøfting av kva namn dette samarbeidet skal ha. Det kan jo henda at Hardangerrådet ikkje vert heilt dekkande for det nye området.

Eitrheim seier at rådet vil verta eit regionalt forpliktande samarbeid mellom likeverdige partar, slik det er i dag. Det betyr at dei små kommunane som vil vera Ulvik og Eidfjord etter 2020, har éi røyst på samme måte som dei store kommunane har.

– Dette vil vera eit samarbeid som ligg på sida av kommunane sine eigne forpliktelsar, oppgåver og tenester, rådet skal ikkje ha lovmessig forpliktande ansvar i høve til drifta av kommunane.

Framtida til Hardangerrådet må det faktisk koma ei avklaring på allereie i 2018.

– Det står i dei avtalane me styrer, at det er eitt års oppseiingstid og det betyr at dersom noko skal få verknad frå 1.januar 2020, må det gjerast vedtak i år, slik at 2019 vert oppseiingsåret.
Veldig mykje vil vera avklart i løpet av hausten 2018, sier dagleg leiar i Hardangerrådet, Jostein Eitrheim.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.