Når det kjem ein fjernsynsreportasje av Harald Thingnes, veit du at du får noko meir enn eit reint sportsreferat, du får eit kvalitetsprodukt både språkleg og journalistisk, skriv juryen for Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar
Kulturdepartemenetet fortel på nettsidene sine at prisen er på kr. 50.000 og eit kunstverk, og vert delt ut under Dei nynorske festspela i Ørsta fredag 8. juni. Harald Thingnes har arbeidd i NRK Sporten i 20 år, og var før det tre år i nyhendeavdelinga i TV Norge. Juryen legg vekt på at det er leik med ord, og samspelet mellom orda og bileta, som er Harald Thingnes sitt varemerke, samme kva han rapporterer om. Thingnes framhevar NRK som ein god arbeidsplass for å utvikla språket sitt. Han har aldri opplevd det som negativt å vera nynorskbrukar i NRK, sjølv om han i lengre periodar har vore den einaste nynorskbrukaren i NRK Sporten. Thingnes vaks opp i Vevring i Naustdal kommune, og ifylgje juryen nyttar han nynorsk normaltalemål med ein klår sunnfjordfarge. Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar har vore delt ut sidan 2006. Prisen skal fremja bruk av nynorsk i media og årleg æra ein dyktig journalist som brukar ein levande og god nynorsk, og som er eit føredøme for andre. NRK Nynorsk mediesenter er sekretariat for prisen. |