Hardanger har fått kr 438 000 til nye etablerarar i regionen i 2018. Prinsippet er fyrste mann til mølla og det er ingen søknadsfrist

sandvinsvatnet
Sandvinsvatnet bilete: Ivar Nistad

Hardanger er tildelt kr 438 000 av Hordaland fylkeskommune til etablering av bedrifter i 2018. Regionalt Etablerarfond Hardanger 2018 er eit av tre regionale fond i Hordaland, ifylgje hardanger.com.

Hardangerregionen omfattar dei 7 kommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Odda, Ullensvang og Ulvik.
Dette regionale etablerarfondet skal nyttast som eit målretta tilskot på inntil 50.000 kroner til etablering av bedrifter.
Søknader må sendast på www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Regionalt Etablerafond Hardanger 2018.

Søknadane vert handsama fortløpande, og det er lagt opp til rask sakshandsaming. Ingen søknadsfrist.

Meir informasjon og krav til søknad finn du her,

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

Oppdag mer fra Radio Folgefonn

Abonner nå for å fortsette å lese og få tilgang til hele arkivet.

Fortsett å lese