Meny Lukk

Generasjonsskifte

Tizir er på sett og vis inne i eit generasjonsskifte. Kommunikasjonsansvarleg Nils Johan Ystanes fortel at når ein reknar frå 2017 og inn i 2018 har bedriften hatt over 50 utlyste stillingar

generasjonsskifte
Nils Johan Ystanes, Bilete: Ivar Nistad

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han om ei omfattande rekruttering. – Me rekrutterer jo internt, men me har og gått ut på finn.no og i lokalavisene  etter nye folk, og så langt ser det veldig bra ut.

Ystanes påpeiker at når ein skal rekruttera til vår region, er det viktig at ein kan visa til eit attraktivt samfunn med bustader, skular, fritidsaktivitetar med meir. – Alle desse tinga som gjer at folk ynskjer å flytta hit, tilbod både til born og vaksne og der er me heldige med dei mogelegheitene naturen lokalt gir oss.

Gjennomsnittsalderen på Tizir var ifylgje Ystanes, like under 49 år før den omfattande rekrutteringa siste året. – No er gjennomsnittsalderen nede i 45 år, så me har snudd ein trend og får ein yngre arbeidsstokk på bedriften, men rekruttering er forsåvidt noko som pågår heile tida.

– På den andre sida har me ein del tilsette som kjem opp i 60 – åra no, og det me ser, er at somme vel å stå lenger i arbeid enn det ein har gjort tidlegare, noko som er positivt i form av at me får behalda kompetanse.

At ein 60 – åring framleis er i verdiskaping meiner Ystanes er positivt for bedriften.  Det er og positivt for samfunnet at me klarer å ivareta seniorane i ein bedrift.

Aldersgrensa ved bedriftane er 70 år og Ystanes meiner at helse, miljø og tryggleiksfokuset i moderne bedrifter medvirkar til at folk kan stå i arbeid lengre.

For å få jobb ved Tizir, må folk ha den rette kompetansen og då er skuletilbodet lokalt ikkje minst av stor betydning. – Det er viktig for oss at me får den rette kompetansen inn i dei stillingane me har, så det er særdeles viktig for oss at me får behalda dei linjene på Odda vgs som utdannar ungdom innan dei yrkene som bedriftane treng. Den vidaregåande skulen er ein viktig rekrutteringsarena for oss.

Ystanes seier at bedriften oppfattar seg sjølv som ein læreplass for dei som går yrkesfag ved Odda vgs. – Me tek inn lærlingar og mange vert verande etter det, somme kan og gå vidare i faget sitt ta ingeniørutdanning gjennom bedriften.

– Å bruka Odda vgs som utgangspunkt for jobb i industrien vil eg absolutt oppfordra unge til å gjera, fullføra lærlingetida hjå oss og få fagbrev – og kanskje gå endå vidare. Då vert ein attraktiv i arbeidsmarknaden, ikkje berre her, men og i andre sektorar.

For å få folk utanifra til søka seg til Tizir, meiner Ystanes det er viktig at bedriften framstår som ein attraktiv arbeidsplass.

– Og det har me døme på no, at folk som budde i Bergen tok med seg heile familien og flytta hit for å arbeida på Tizir.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: