Det er framleis auke i talet på førstevalssøkarar til grøne fag i høgare utdanning
Bilete: Tone Mannsåker
Landbruks – og matdepartementet fortel på nettsidene sine at for landbruksfag, veterinærstudiane og andre grøne utdanningar i sum er det ein auke på 8,2 prosent frå 2017 til 2018, medan auken i samla søkartal til høgare utdanning totalt i same periode, er 4,7 prosent. Dette går fram av tala frå Samordna opptak som vart lagt fram torsdag.
For landbruksfaga syner søkjartala ein nedgang på nær 7 prosent. For dei einskilde fag er det auke frå i fjor for agronomstudiet (årsstudium og bachelor), skogfag og «husdyrfag, velferd og produksjon». Plantevitskap og husdyrfag har lågare søkjartal enn i 2017.
Veterinærfaga har ein fortsatt sterkt vekst i søkjartal – ein auke på nær 20 prosent frå i fjor.
For andre grøne utdanningar som til dømes matvitskap, biologi, bioteknologi, fornybar energi og økologi og naturforvaltning, er tala stabile eller viser ein liten auke frå 2017.