70 ungdomsbedrifter frå heile Hordaland konkurrerte mot kvarandre i 15 kategoriar. Nortech UB fra Kvam videregående skole vann kategoriane innovasjonsprisen og beste yrkesfaglege bedrift. Russehuset UB ved Os gymnas gjekk til topps i konkurransen om beste ungdomsbedrift i Hordaland
Nortech UB ved Kvam vgs Bilete: Hordaland Fylke
– Me produserer russeklede. Dette er billige og stilige produkt til god kvalitet. Me ynskjer at russen skal få ei endå betre russetid, seier Vegard Skeie, Lars Hadler-Olsen, Alexander Tøssebro og Harry Moore i Russehuset UB.
Nettsida til Hordaland fylkeskommune fortel at juryen har berre godt å seie om dei fire elevane ved Os gymnas: «Dei treffer ein nærmast monopolisert marknad. Dei har god forretningssans, ein god marknadsstrategi, og godt samarbeid med lokalt næringsliv. Juryen har tru på at bedrifta kan leve lengre enn berre dette året.»
Russehuset gjekk og til topps i kategorien størst verdiskapingspotensiale.
På andre plass kom Piffi UB fra Bømlo vidaregående skule. Dei har laga ei bok med økonomiske og sunne oppskrifter som skal hjelpe studentar og andre til ein lettare kvardag.
Wrappy UB frå Stend videregående skole gjekk til topps i kategoriane beste sal og servicebedrift. Nortech UB fra Kvam videregående skole vann kategoriane innovasjonsprisen og beste yrkesfaglege bedrift. Stili UB fra Amalie Skram videregående skole gjekk til topps i kategoriane IA-prisen, bærekraftprisen og beste forretningsplan.
Alle desse fem ungdomsbedriftene skal delta i NM for ungdomsbedrifter på Lillestrøm 26.-27.april.
Elevar som deltek i ungdomsbedrift lærer bedriftsetablering innanfor trygge rammer. Gjennom eit skuleår skal elevane etablere, drive og avvikle ei ungdomsbedrift med lærar som rettleiar og ein mentor frå lokalt næringsliv. Elevane arbeider ut ifrå ein konkret produktidé og realiserer denne gjennom produksjon, marknadsføring og sal. Grunnlaget for bedriftan er dei eigne ideane til elevane, basert på ein prosess med idé- og produktutvikling.
Konkurransen er skipa til av den ideelle, landsdekkande organisasjonen Ungt Entreprenørskap som i samspel med skulane, næringslivet og andre aktørar jobbar for å utvikle kreativitet, skaperglede og tru på seg sjølv hos barn og unge.
Meisterskapen vart skipa til på Amalie Skram videregående skole. 70 ungdomsbedrifter frå heile Hordaland konkurrerte mot kvarandre i 15 kategoriar. 70 frivillige dommarar frå lokalt næringsliv utgjorde juryen.