20. feb 2018 sendte Astma- og Allergiforbundet si pollenvarslingsteneste ut årets første pollenvarsel. For resten av denne veka er det or og hassel i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal det er varsla om, men resten av Vestlandet bør nok førebu seg
pollenvarslingen fortel at dei pollentypane som har størst betydning ved allergi i Norden, kjem frå tresortane bjørk, or og hassel, frå forskjellige typar gras og frå ugressplanta burot. Dette er vindbestøva planter med lette pollen som kan driva langt med vinden.
I tillegg kjem pollen frå Salix (selje, pil og vier). Pollen fra Salix hovudsakleg spreidd med insekt, ved store mengder – også med vinden. Pollenallergi skuldast at ein reagerer allergisk på visse proteiner som fins i somme pollentypar.
Vanlege symptom på pollenallergi, er rennande nase og auger. Allergikaren føler seg trøyt og uopplagt og får nedsett konsentrasjonsevne. Mange opplever at sjukdomen går ut over arbeid og skuleresultat. I dag har omlag 1 000 000 nordmenn pollenallergi.
Norges Astma- og Allergiforbund (NAAF) minnar om at dersom ein har pollenallergi mot or og hassel, bør ei starta den medisinske behandlinga tidleg. Medisinene bør takast ei vekes tid før spreiinga tek til for fullt for å oppnå best mogeleg effekt. Les 10 gode råd om pollenallergi >>
NAAF minnar om at alle med pollenallergi bør fylgja med på www.pollenvarsel.no