Har bedriften din ein god idé? Forskningsrådet lyser no ut ein milliard kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet

Iselin-nybo
Iselin Nybø, foto: Marte Garmann

-Noreg har mange smarte bedriftar. Me treng at endå fleire av dei utviklar nye og betre varer, tenester og løsysingar. Ei sterk satsing på forsking og utvikling skal skapa eit meir konkurransedyktig næringsliv og fleire grøne, smarte og nyskapande jobbar, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Små og store bedrifter fra alle bransjar kan søka på pengane Forskningsrådet lyser ut. Søknadsfristen er 10. oktober ifylgje nettsidene til Nærings – og fiskeridepartementet. Utlysinga finn du der.

– Dersom Noreg skal ha eit konkurransedyktig næringsliv, treng me eit kunnskapsintensivt næringsliv. Med desse middela ynskjer regjeringa å bidra til at fleire bedrifter tek i bruk forsking i innovasjonsarbeid sitt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Sidan 2013 har regjeringa styrka satsing på forsking og innovasjon, ifylgje Nærings – og fiskeridepartemenet. I statsbudsjettet for 2018 går det i overkant av 4,5 mrd. kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, inkludert skattefrådrag for skattefunnordninga og kapitalfunn.

I samme periode har bedriftane styrka eigne investeringar til forsking og utvikling med 31 prosent.

– Norsk næringsliv forskar stadig meir, og me vonar på søknader frå ei stor breidde av norsk næringsliv også i år. Det skal finnast mogelegheiter for støtte for alle bedriftar som brukar forsking i innovasjonsarbeidet sitt, seier administrerande direktør i Forskningsrådet, John-Arne Røttingen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.