Guro Ljone, formidlar / programansvarleg ved Olav H.Hauge Senteret i Ulvik fortel i ei pressemelding at årets diktartavle er tildelt Einar Økland

Einar Økland
Einar Økland, bilete: Tove K. Breistein

Olav H. Hauge-senteret og Hardanger folkemuseum heidrar Einar Økland med Diktartavla 2018. Når Økland får si diktartavle på Diktarstien på Utne laurdag 16. juni, er nok eit viktig lyrisk forfattarskap på plass i rekka av sentrale poetar i vår tid.

Einar Økland har gjennom eit langt forfattarskap markert seg som ein av våre fremste lyrikarar. Etter debuten med diktsamlinga Ein gul dag i 1963 har han gitt ut over 80 bøker i dei fleste sjangrar. Blant dei over 20 av diktsamlingane er fleire lyrikk for barn og unge. Økland har motteke ei rekke prisar for forfattarskapen sin og fekk Brages heiderspris i 2015. Sjølv seier han at han skriv helst dei bøkene han reknar med at ingen andre kjem til å skrive.

-Økland har alltid funne sine eigne vegar i det lyriske landskapet. Han kan vere leiken, fabulerande, ironisk og satirisk, og utforskar stadig det poetiske språket. Einar Økland har ein sjølvskriven plass på Diktarstien, seier dagleg leiar Geir S. Netland på Hauge-senteret.

Som diktar, dramatikar, roman- og sakprosaforfattar, essayist, novellist og kritikar, er Einar Økland ein av dei mest allsidige nolevande norske forfattarane. Gjennom eit omfangsrikt forfattarskap har han belyst mange tema i norsk kulturhistorie generelt og skriftkultur spesielt. Økland har gjort eit viktig arbeid med å modernisere barne- og ungdomslitteraturen gjennom å viske ut skillet mellom barn, unge og vaksne lesarar.

Diktarstien slynger seg som eit kunstverk mellom husa i tunet  ved Hardanger folkemuseum på Utne. Steintavlene inneheld dikt, strofer og sitat frå mange av våre mest omtykte diktarar.

Den fyrste dikttavla var lagt ned alt i 1992, men dagen vart offisielt innstifta i høve Olav H. hauge sin 85 årsdag i 1993. Diktarhovdingen frå Ulvik var sjølv med å ta initiativet til Diktarstien. Desse er representert:

Alle steintavlene er utforma av biletkunstnar og rektor ved kunsthøgskulen i Oslo, Cecilie Brock Knutsen.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.