Meny Lukk

Den viktigaste leiarstillinga på Vestlandet

Den viktigaste leiarstillinga for utviklinga av Vestlandet er lyst ledig. Det nye storfylket skal ha prosjektleiar, som blir fylkesrådmann i det samanslegne fylket av Hordaland og Sogn og Fjordane

bilvei
Det nye storfylket skal ha ein trygg, tydeleg og samlande pådrivar som skal legga til rette for at regionen vår får ei tydelegare rolle i samfunnsutviklinga regionalt og nasjonalt. Den som får jobben skal bygga ein ny organisasjon med felles kultur som leverer gode tenester innanfor stramme økonomiske rammer skriv Hordaland Fylkeskommune på nettsidene sine.

Tilsetjingsutval

Rekrutteringsbyrået Visindi skal ta seg av søkarprosessen. Eit tilsetjingsutval på 10 personar skal laga innstilling. Det er samansett av åtte politikarar, fire frå kvart fylke samt to tillitsvalde.

Desse er fylkesordførar Anne Gine Hestetun, A (leiar), fylkesvaraordførar Pål Kårbø, KrF, Silja Ekeland Bjørkly, H og Roald Stenseide, Frp, frå Hordaland.

Dei fire frå Sogn og Fjordane er fylkesordførar Jenny Følling, Sp (nestleiar), fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes, A, Bjørn Hollevik, H og Sigurd Reksnes, Sp.

Dei to tillitsvalde er Marius Kjørmo (Akademikerne) frå Hordaland og Svein Torbjørn Sandvold (LO) frå Sogn og Fjordane.

Søknadsfrist 12. april

Fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka, skal gjera endeleg tilsetting. Målet er at det skal skje i møtet fredag 4. mai.

Søknadsfrist er torsdag 12. april.

Den ledige stillinga er lyst ledig på visindi.no, finn.no i tillegg til annonse i BT fredag 16. mars og i DN i neste veke.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: