Meny Lukk

Den største folkehelseundersøkinga nokon gang

Korleis har du det og korleis trivst du i nærmiljøet ditt? Dette er noko av det om lag 70 000 hordalendingar vert spurde om i den største folkehelseundersøkinga som er gjennomført i Hordaland

grilling-2016
I desse dagar vert om lag 70 000 hordalendingar over 18 år inviterte til å svare på spørsmål relatert til folkehelse.

Hordalandfylkeskommune fortel på nettsidene sine at til skilnad frå ei helseundersøking skal Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 finna ut korleis helsa er fordelt i fylket og kva faktorar som påverkar helsa lokalt. For å få svar på dette, vert det stilt spørsmål om sjølvopplevd helse, om korleis du trivst, korleis du lever og korleis du opplever nærmiljøet ditt.

– Me vil legga til rette for at det er god folkehelse i Hordaland, men då må me rett og slett vita korleis folk har det. Derfor gjennomfører Hordaland fylkeskommune denne store undersøkinga saman med Folkehelseinstituttet. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setta i gong tiltak som kan koma innbyggarane til gode og betra folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Dei som har vorte inviterte til å delta i undersøkinga, er tilfeldig trekt ut frå Folkeregisteret, men uttrekket er representativt i høve alder, kjønn og bustadkommune. Invitasjon til å delta er sendt ut anten via SMS eller e-post, alt avhengig av kva ein sjølv har lagt inn som kontaktpunkt med det offentlege. Som første fylke av Folkehelseinstituttet sine fylkesundersøkingar, er spørjeskjemaet heildigitalt. Svara er sjølvsagt anonyme, og undersøkinga er godkjend av Datatilsynet.

–Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Me vonar at flest mogeleg vil takka ja til å delta. For jo fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får me, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

I tilfelle nokon slit med å gjennomføre undersøkinga elektronisk er det mogeleg å ringa eit hjelpenummer for å få rettleiing. Det er òg informasjon her på nettsidene til Hordaland fylkeskommune om undersøkinga i si heilskap, men og fakta om anonymitet, kontaktinformasjon, kven som får statistikk til slutt, og så vidare.

– For oss er det viktig at alle som vert inviterte til undersøkinga, svarar. Me har prøvd å legga til rette for dette på ein god måte, seier prosjektleiar Aina Haugstad i Hordaland fylkeskommune.

Om dei inviterte lurer på noko, er det mogeleg å senda både e-post og ringa. Det er og mogeleg å svara på spørjeskjemaet på engelsk, nynorsk og bokmål.

I dei seinare åra er det blitt meir og meir fokus på folkehelsearbeid. Forhold som vedkjem folkehelse, skal inn i alle planar fylkeskommunen og kommunane held hand om.

– Å legga til rette for god folkehelse har mykje å seia for samfunnet og for helsa til den enkelte. Derfor er dette viktig, og derfor har me stort fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Resultata frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 kjem òg kommunane til gode. Dersom svarprosenten er høg nok, får dei største kommunane i Hordaland eigne rapportar. For dei mindre kommunane kjem rapportane på regionsnivå for å sikra anonymiteten. Resultata kan og verta brukt til seinare forsking.

Folkehelse handlar om forholda vi lever i; kvar og korleis me vert fødde, veks opp, leikar, utdannar oss, arbeider og eldast. Me vert påverka av omgjevnadene våre. Helse er derfor ikkje eit individuelt val.

– Dette ser me tydelegast gjennom den sosiale ulikskapen som finst i helse, seier Aina Haugstad. Det er klare samanhengar mellom kva for ressursar befolkninga har og kva for helse den har. For å kunna setja i verk gode tiltak og riktige prioriteringar, treng me kunnskap og dokumentasjon. Det er målet med denne undersøkinga, seier Aina Haugstad.

No voar ho at hordalendingane brukar dette høvet til å svara, slik at både fylkeskommunen og kommunane kan legga endå betre til rette for god folkehelse i Hordaland.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: