Meny Lukk

Årets viktigaste lakseseminar nærmar seg

Nok ein gang er det duka for Hardangerfjordseminaret, den viktigaste arenaen for dialog og drøfting av forvalting av laksefisk i Noreg. Eit «must» for alle villaksvener, meiner Norsk Jeger – og Fiskerforbund 

sorfjorden
Sørfjorden, bilete: Ivar Nistad

4. og 5. mai er det duka for Hardangerfjordseminaret i Norheimsund. Det er laga eit spanande og politisk aktuelt program skriv Espen Farstad på njff.no. Det er Hardangerfjord Villfisklag og NJFFHordaland som er vertskap.

Seminaret vert opna av statssekretær Atle Hamar frå Klima- og miljødepartementet. Han vil mellom anna gjera greie for regjeringa sine tankar og planar for genbanken som det som kjent har vore mykje arbeid med å få på plass.

Hardangerfjordeminaret er viktig i ein nasjonal samanheng, skriv Farstad. Dei utfordringane me over lang tid har hatt i denne fjorden vert no oftare synleg stadig fleire stader nordover langs heile norskekysten. – Det er derfor ikke feil å seia at Hardangerfjordseminaret er ein spydspissarena for å diskutera ei lakseforvalting for framtida.

Det vert to dagar med eit spanande seminarprogram med innlegg frå politikk, forvalting og nasjonale kompetansemiljø. Her kjem ein tett på fagpersonar og møter deltakarar som veit å setta pris på ny kunnskap i eit aktuelt program – som du finn på denne lenka: njff.no

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: