Meny Lukk

Alt om fylkessamanslåinga på ein plass

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar lanserte tirsdag ein ny midlertidig nettstad saman. Der finn du siste nytt og alt du treng å vite om prosessen fram mot å bli eit nytt fylke

fylkessamanslåinga

Hordalandfylkeskommune fortel på nettsidene sine at den mellombelse nettstaden, vlfk.no, skal eksistera fram til det nye storfylket er i drift 1. januar 2020. Her vil du finna nyheiter, oversikt over dei politiske utvala, møte og dokument, tal og fakta om det nye storfylket.

– Dette er starten på noko nytt, nettstaden vil vera med på å bygge identiteten til det nye fylket her i vest, seier Ingvild Ramstad, informasjonssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Viktige målgrupper for nettstaden, er innbyggjarane i dei to fylka, politikarar, tilsette i fylkeskommunane og tillitsvalde, og kommunane og andre samarbeidspartar.

– Det er ein stor og viktig reform, og me ynsker med dette å gjera informasjonen lett tilgjengeleg og oversiktleg for alle, seier Janne Værnø, kommunikasjonsdirektør i Hordaland fylkeskommune.

Ny fylkesrådmann og nytt fylkesvåpen

På nettstaden vert nyheiter om både tilsetting av ny fylkesrådmann og konkurransereglane for nytt fylkesvåpen snart presentert. Nettstaden vil og følga dei politiske møta knytt til samanslåinga. Alle nyheiter og fakta som vert publisert her vil samstundes verta publisert på hordaland.no og sfj.no.

Men det er viktig at det er mogleg å finne all informasjon ein stad understreker kommunikasjonsleiarane.

– Dette skal vere ein levande nettstad kor vi vil fylle på med relevant informasjon etter kvart som brikkane i regionreforma fell på plass, seier Ingvild Ramstad og Janne Værnø.

Legg inn en kommentar

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.

%d bloggere liker dette: