Meny Lukk

God start på 2018 for Tysnes Sparebank

Styret i Tysnes Sparebank godkjente i møtet 25. april 2018 kvartalsrekneskapet for første kvartal 2018.Resultat før skatt er 6,2 millionar kroner, ei betring på 2,1 millionar kroner samanlikna med med samme periode i 2017

dag-sandstå-arkiv
Dag Sandstå, arkivbilete

Banksjef Dag Sandstå fortel i ei pressemelding at nye krav i samband med forholdsmessig konsolidering i samarbeidande gruppe er p.t. ikkje teke omsyn til. Korrigerte kapitaltal vil verta offentleggjort så snart desse ligg føre. Dette har ikkje konsekvens for bankens resultat.

Banken sin forretningskapital passerte 3 milliardar kroner

Tysnes Sparebank har ein samla forretningskapital på om lag 3 milliardar kroner. Dette er ein solid auke. Kredittveksten dei siste 12 månadene er på om lag. 18 %, medan innskota har auka med 22 % i same periode. Auken i utlån er i hovudsak til privatkundar i regionen. Den største auken i nye kundar har banken i aldersgruppa 25 til 45 år.

Banken ser optimistisk på framtida i Sunnhordland og Hardanger

Banken har dei siste åra etablert fleire nye kontor i Sunnhordland og Hardanger. Alle dei nye kontora har ei svært god utvikling med stor pågang av nye kundar.

– Det er gledeleg å registrera at optimismen er tilbake hjå næringslivet i regionen vår” seier Sandstå.

Banken har stor pågang av små og mellomstore verksemder som ynskjer å ha ein lokal bank å snakka med.

– Lokalkunnskap og kjennskap til personane som driv og eig verksemdene, er avgjerande for banken skal kunna bidra på ein best mogeleg måte, seier banksjefen.

Banken er godt posisjonert for ytterlegare vekst

Banken henta i desember inn om lag 33 millionar kroner i ny eigenkapitalbeviskapital som i hovudsak kom frå personar og verksemder i regionen. Banken er nøgd med at så mange ynskjer å investera i lokalbanken. Med den nye kapitalen kan banken veksa godt i åra som kjem. Banken sine eigenkapitalbevis er notert på Merkur Market som er styrt av Oslo Børs

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d bloggere liker dette: