Utsleppa frå permanent avskoging i Noreg er på om lag to millionar tonn, eller om lag 3,7 prosent av Norgeg sitt totale CO2 utslepp, i året. Det kjem fram i ein ny rapport utarbeidd på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet

furuskog
Furuskog, bilete: Tone Mannsåker
Utgreiinga er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet (KLD) der Miljødirektoratet er bede om å kartlegga omfang og årsaker til avskoging i Noreg, og identifisera eigna tiltak og verkemiddel for å redusera avskoginga.

Kartlegginga av omfanget og årsakene er gjort av Norsk institutt for bioøkonomi på oppdrag fra Miljødirektoratet.

–Utgreiinga er ein første gjennomgang av mogelege tiltak og virkemiddel, og er ikkje ei anbefaling av kva som bør gjerast for å redusera klimagassutsleppa frå avskoging, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Avskoging vert definert som menneskeskapt permanent omdisponering av skogareal til anna bruk, til dømes til vegar, bustadmråde eller jordbruk. Det er først og fremst produktiv skog med stort CO2 lager som vert avskoga.

Stort samla areal og betydelege klimagassutslepp

Ein stor del av avskoginga skjer ved at eksisterende infrastruktur som til dømes vegar og bustadområde vert bygde ut. Kvar for seg er det små areal, i snitt under 10 dekar, men til saman utgjer dette eit stort areal.

Det vert avskoga om lag 58 kvadratkilometer i Noreg i gjennomsnitt kvart år. Det er nesten like stort areal som Moss kommune.

–Mange bekkar små gjer stor Å, og det gjer at avskoging er ei relativt stor kjelde til klimagassutslepp i Noreg, seier Ellen Hambro.

Ifylgje berekningane i Noregs klimagassrekneskap for skog og arealbruk, fører avskoging til eit klimagassutslepp i Noreg på i overkant av to millionar tonn CO2-ekvivalentar i året. Klimagassutsleppa frå avskoging varierer med eigenskapane til arealet og storleiken på inngrepet og i kor stor grad endringane er reversible.

Utslippa er størst dersom høgproduktive skogareal vert omdisponerte eller dersom all skog og jord vert fjerna til dømes ved bygging av bustader. Omlegging til beite medfører vanlegvis mindre utslepp av klimagassar fordi noko vegetasjon vert ståande og fordi jorda vert lite påvirka.

For naturmangfaldet, er konsekvensane av avskoging avhengig av om området har spesiell naturverdi eller bryt opp og svekkar eit økosystem.

Statlege føringar, aukt kunnskap og informasjon

Offentlege myndigheiter avgjer kva for og kor store areal som kan omdisponerast til utbyggingsføremål og kva som skal takast vare på som ubebygde areal, gjennom sin arealplanlegging.

Aukt informasjon til grunneigarar, sakshandsamarar og beslutningstakarar om årsaker til og konsekvensar av avskoging, kan bidra til aukt bevisstgjering og kunnskap. Det vil vera eit viktig verkemiddel for å redusera avskoging. I dag er det er ikkje sterke nasjonale føringar for korleis kommunane bør ta omsyn til avskoging i arealplanane.

I utgreiinga omtaler Miljødirektoratet relevante tiltak og verkemiddel som kan bidra til at hensynet til avskoging vert innarbeidd i desse prosessane.

–Det er stort press på areal og mange omsyn å ta i arealplanlegginga. Statlege føringar og informasjon kan vera tiltak som sikrar at utbygging ikkje går på kostnad av skogen eller i alle fall skjer så skånsomt som mogeleg, seier Ellen Hambro.

Nyttig verktøy

Nylig publiserte Miljødirektoratet ny statistikk over klimagassutslipp i kommunane. Statistikken skal vidareutviklast. Ein modell for å berekna klimagassutslipp for skog, areal og arealbruksendringar skal etter planen vera på plass ved neste oppdatering.

Dette kan verta eit nyttig verktøy for kommunane når dei skal prioritera mellom ulike typar areal i si arealplanlegging.

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.