Den tradisjonsrike Røldalsmarknaden går av stabelen 22. – 24.juni i Røldal. I år kjem over 100 utstillarar på marknadsplassen, det vert eit yrande folkeliv, gode musikarar på scena og kulturaktiviteter for liten og stor

pakkers-trio
Pakkers Trio, Pressebilete

– Me nærmar oss årets store folkefest i Røldal. Også i år er målet vårt at dei besøkande på Røldalsmarknaden skal merka at me held dampen oppe, og at antalet, utvalet og kvaliteten på utstillarane stadig kryp oppover, seier marknadssjef Vidar Lund i ei pressemelding.

På scenen på marknadsområdet på dagtid, og på utestadene i Røldal på kveldstid, er det duka for innslag som passar for alle aldersgrupper og for heile familien.

– Me gler oss til å ynskja velkomen til endå ein folkefest, med handel, kultur, fest og moro tre dagar til endes. Den tradisjonelle Røldalsmarknaden er no inne i sitt 27 år, fortel Lund.

 
Høgdepunkt frå programmet: 
– Show med Kjellen frå Klypa
– Talkshow med blant andre kriminalsjef i Oslo og utflytta røldøl, Grete Lien Metlid, innflyttar frå Estland og no bonde på Lono, Kati Must Nybø og dagleg leiar i Håradalen Utvikling, Andre Botnen.
– Konsert og dans med Pakkers Trio
– Ansiktsmåling for barn
– Vitskapsaktiviteter for barn
– Helikopterturar
– Forteljarstund med Else Marie Sandal
– Auksjon på Skysstasjonen
– Konsert med Rotlaus
– Konsert med Røldalskameratane
Sjå fullstendig program her: Røldalsmarknaden

Legg inn en kommentar

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.

%d